Den nye protokollføraren

Arild Olav Sævig er tilsett som ny protokollførar for NHH-styret.

26.08.2013 - Hallvard Lyssand


Arild Olav Sævig skal vera sakshandsamar og protokollførar for styret, og vil i tillegg ha oppgåver knytt til Fondsstyret og Det faste utvalet for fondstildelingar (FUF).

49-åringen kjem opphavleg frå Voss. Han byrja yrkeskarrieren i Posten, der han arbeidde i 15 år med sakshandsaming, prosjektleiing, sal og informasjon.

Etter eit årsstudium i marknadskommunikasjon ved BI, byrja han i selskapet SCA Hygiene Products, som seljar mot bedriftsmarknaden.

Etter ni år i selskapet valde han i 2010 å slutta for å ta ein bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Graden vart fullført i mai i år.

- Eg følte meg litt «halvstudert» med berre eit par års utdanning frå BI og mediekunnskap frå Stord lærarhøgskule, seier Sævig.

Han såg primært etter sakshandsamarjobbar i det offentlege, og er svært godt nøgd med å ha blitt tilsett ved NHH.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive