- Ein katalysator for forsking og undervisning

Opning av nybygget 26.08.13 (Foto: Helge Skodvin)

- Nybygget blir eit dansegolv for humankapitalen, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen under den offisielle opninga av bygget måndag.

26.08.2013 - Tekst: Øyvind Torvund Foto: Helge Skodvin


Måndag fekk rektor Frøystein Gjesdal overrekt den symbolske nøkkelen til bygget av statsråden.

Med opninga av bygget er NHH samla på ein stad for første gong sidan 1974.

- Strekke seg vidare

- NHH er blitt ein anerkjent utdanningsinstitusjon som ligg heilt i verdstoppen. Under tida som finansminister møtte eg mange som er utdanna her, og dei er av topp kvalitet. Med dette nybygget er grunnlaget lagt for at de kan strekke dykk vidare, sa Halvorsen i talen sin.

Ho rosa også NHH for fleksibilitet under byggjeprosessen.

- Det er veldig stas å få vere her, og det er alltid moro å få opne kunnskapsbygg. Dette er etterlengta, og resultatet er blitt eit flott bygg som er tilrettelagt for forsking og undervisning.

Meir samarbeid

Ifølgje rektor Frøystein Gjesdal er nybygget viktig for både tilsette og studentar.

- Når ein er samla under eitt tak blir det lettare å samarbeide. Alt i alt har vi no fått infrastrukturen som trengst for å utvikle NHH vidare, sa Gjesdal, som vedgjekk at talen han heldt i dag var hans einaste bidrag i byggjeprosessen. Han starta i jobben som rektor 1. august.

Administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg er også svært nøgd med resultatet. Bygget har kosta rundt 400 millionar kroner.

- Det er blitt eit tidsriktig, moderne og framtidsretta bygg. Det kjem til å bli ein katalysator for forsking og undervisning, og høgskulen får no alle campuskjenneteikn som eit campus skal ha, sa Nikolaisen.

Ungdommeleg og uformelt

Det er LINK Arkitektur som har teikna bygget. Regionsjef Rolf Maurseth sa dette er «praktbygget som ingen ville sjå».

- Jobben vår var å skape eit inspirerande og samlande bygg, samtidig som vi skulle ha respekt for det eksisterande. Vi søkte eit enkelt fasadeuttrykk. For å sjå nybygget no må du opp på Sandviksfjellet, sa Maurseth.

Han skildra bygget som inkluderande, ungdommeleg og uformelt.

- Det er møteplassar over alt og det vil heile tida vere eit pulserande miljø her, sa Maurseth.

Etter eit kunstnarleg innslag frå Kurt Johannesen, var det omvising i bygget for inviterte gjestar. Mellom dei var kunnskapsministeren, ordføraren og fylkesordføraren. Programmet vart avslutta med storstilt kakefest i nybygget.

Statsbyggdirektør Harald Nikolaisen, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og NHH-rektor Frøystein Gjesdal med den symbolske nøkkelen til nybygget. (Foto: Helge Skodvin)
Symbolsk nøkkel: Statsbyggdirektør Harald Nikolaisen, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og NHH-rektor Frøystein Gjesdal med den symbolske nøkkelen til nybygget.
Dansegolv for humankapitalen: Ordførar Trude Drevland og masterdekan Kenneth Fjell tok kunnskapsministeren på ordet og fekk inn nokre dansetrinn medan Direksjonsmusikken spelte (som dei alltid gjer når NHH opnar nye bygg). (Foto: Helge Skodvin)
Dansegolv for humankapitalen: Ordførar Trude Drevland og masterdekan Kenneth Fjell tok kunnskapsministeren på ordet og fekk inn nokre dansetrinn medan Direksjonsmusikken spelte (som dei alltid gjer når NHH opnar nye bygg).
Vip-omvising i nybygget (Foto: Helge Skodvin)
Knapp tid: Regionsjef Rolf Maurseth frå Link Arkitektur måtte passa klokka medan han leia ei VIP-omvising i nybygget etter opninga. Blant dei omviste var m.a. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og fylkesordførar Tom Christer Nilsen (t.v.). Fungerande NHH-direktør Kurt Petersen (bak Maurseth) har vore ein av høgskulens mest sentrale representantar i arbeidet med nybygget.
Nybyggåpning: Kristin Halvorsen, Trude Drevland og Tom Christer Nilsen. (Foto: Helge Skodvin)
Samling i sentrum: SV-ministeren plasserer fingeren i sentrum av ingenting. Høgrepolitikarane på kommune- og fylkesnivå følgjer med. Skrifta på vindauga i nybygget er utført av kunstnaren Kurt Johannessen.
Nybyggopninga vart feira med utdeling av fleire kvadratmeter marsipankake pynta med bilete av bygget.
Foto: Hallvard Lyssand

Sjå video av opningseremonien.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive