Utvida frist for nominasjon

NHH

Fristen for å nominera kandidatar til valet til NHH-styret frå gruppa mellombels tilsette i forskings- og undervisingsstillingar er utvida til tysdag 30. april. Dei nominerte frå dei andre gruppene av tilsette er klare og vert presenterte her. In English

26.04.2013 - Red.


22. og 23. mai skal det veljast nytt styre ved NHH.

Ved val av medlemmer til styret er dei røysteføre delt i fire grupper som nominerer og vel styremedlemmer kvar for seg.

Fristen for å nominera kandidatar til valet var 23. april, men då fristen gjekk ut var det berre kome inn to forslag til kandidatar frå gruppa mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling.

Dette er for få til at valet kan gjennomførast.

Fristen for å nominera kandidatar i denne gruppa er derfor utvida til tysdag 30. april.

Mellombels tilsette i undervisings- og forskarstilling vel eitt styremedlem og to varamedlemmer.

Alle som kan røysta i det aktuelle valet har forslagsrett.

Send forslag til Valstyret ved sekretær Andreas Hjortland innan 30. april.

Nominerte frå denne gruppa vil bli presenterte når den utvida fristen er ute.

Innkalling til val av styremedlemmer for dei tre gruppene av tilsette vert sendt ut 8. mai. Val av styremedlemmer blir gjennomført elektronisk 22-23. mai.

Fast tilsette i undervisings- og forskarstilling vel to styremedlemmer og tre varamedlemmer.

Følgjande er nominerte:
Mette Bjørndal
Iver Bragelien
Paul Gooderham
Ingeborg A. Kleppe
Vidar Schei
Siri Pettersen Strandenes
Øystein Thøgersen
Karin Thorburn

Trond Bjørnenak er også nominert, men er styrerepresentant i inneverande perioden og har varsla at han vil nytta retten til ikkje å stilla til val for ein ny periode.

Teknisk og administrativt tilsette vel eitt styremedlem og to varamedlemmer.

Følgjande er nominerte:
Atle Askeland
Maja Dame
Inger Eikeland
Bjarte Grønner
Morten Hilt
Arild Schanke
Gro Tufte

Studentane valde to styremedlemmer og to varamedlemmer tidlegare i april.

Sjå resultatet på nhhs.no

Sjå også www.nhh.no/valg


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive