Styremøte tysdag

NHH Arkivfoto

Tysdag 30. april kjem NHH-styret saman til møte.

27.04.2013 - Hallvard Lyssand


Sakslista til møtet er relativt kort.

Styret skal få status for investeringar i inventar og utstyr i nybygget.

Vidare skal dei ta for seg prosessen ved tilsetjing av ny administrerande direktør ved NHH. Blant anna skal det utpeikast eit innstillingsutval.

Som lekk i arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap ved NHH skal styret også utnemna ei intern prosjektgruppe som skal vera ansvarleg for dette arbeidet ved høgskulen med bistand frå eksterne konsulentar.

I tillegg kjem referat- og meldingssaker.

Les styrepapira på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive