Med neven knytt til kamp

Johannes Nymark

Kronikk: Elska av dei fattige, hata av dei rike: Eva Perón har sett djupe politiske spor i dagens Argentina, skriver Johannes Nymark i Klassekampen 5. september 2012.

06.09.2012 - Johannes Nymark


«Leve kreften!» ropte den argentinske overklassen då det blei kjent at Eva Duarte de Perón, Evita, leid av denne dødelege sjukdommen. Frå ho var lita hadde Evita alle odds mot seg, fattig, kvinne og lausunge som ho var.

Ho kjende tidleg indignasjon over fattigdommen, men såg først på skilnaden mellom fattige og rike som ein naturleg del av tilvera. Først då ein arbeidar fortalde henne at det fanst fattige fordi andre var rike, kom ho på andre tankar.
Då dagens president i Argentina, Cristina Fernández de Kirchner, tidlegare i år var lagt inn til helsesjekk på grunn av ein svulst - som viste seg å vera godarta - var dei der igjen, overklassefolka med slagordet «Leve kreften!». I motsetnad til Evita har Cristina høg utdanning - ho er jurist - ho kjem frå eit øvre middelklassemiljø og har aldri kjent fattigdommen på kroppen.

Cristina har vore nøye med å streka under at ho ikkje ønskjer å bli noka ny legende, slik Evita blir oppfatta i folkedjupet i Argentina. Derimot legg ho vinn på å identifisera seg med den kjempande Evita med neven knytt til kamp, den Evita som tok parti for arbeidarrørsla, kvinnene, og «dei skjortelause», dei nedst på den sosiale rangstigen.

Skilnadene i bakgrunn og oppvekst kan forklara kvifor Evita nok var mykje meir politisk radikal enn Cristina. Ein annan grunn er dei ulike politiske klima i 1940- og 1950-åra og no på 2000-talet. Då det på 1950-talet kom til fleire væpna militære opprør mot president Juan Domingo Perón, tok Evita til orde for å væpna arbeidarane til forsvar, slik at ein kunne unngå fleire sivile tap enn dei talrike ein fekk.
Somme argentinske historikarar hevdar no at Evita sa nei til å bli visepresident i 1951 ikkje primært fordi ho var kreftsjuk, men av di ho ikkje ønskte ein open konflikt med ektemannen, som satsa på å få kontroll med og samla sine kollegaer, dei militære. Evita blir i heimlandet også hugsa for at ho alltid tala om ektemannen Perón i særs positive vendingar.

«Dei einaste du kan stola på heilt og fullt, dei einaste som alltid vil vera lojale mot deg, er dei fattige», sa Evita til Perón før ho døydde i 1952. Høgresida i peronismen tonar gjerne ned denne sida ved Evita og gjer henne til helgen snarare enn å sjå på henne som eit menneske av kjøt og blod som kjempa for dei fattige mot dei rike.

Utanfor peronistrørsla er Evita langt meir omstridd, men generelt kan ein hevda at ho i Argentina alltid har vore elska av dei fattige og hata av dei rike.
Dei seinaste åra har president Cristina Fernández slite med inflasjon og har dessutan vore inne i ein øydeleggjande konflikt med den historisk sett viktigaste næringa i Argentina, landbruket. Men ho har fått stor sympati frå dei delane av folket som har note godt av sosiale program til husvære, skulegang og helse.

I eit samfunn som den dag i dag er prega av enorme sosiale skilnader, kjem dei politiske skiljelinene klart til syne, nett som i Evitas tid.
Evita fylte tre roller i dei seks åra (1946-1952) ho var førstedame i Argentina. Ho realiserte alt det sosiale arbeidet som statsapparatet ikkje tok seg av, ho var den udiskutable leiaren for den feministiske fløya av peronismen, og som bindeledd mellom Perón og fagrørsla, sikra ho sistnemnde ei trufast arbeidarrørsle.

I tillegg til å ha støtte frå dei nedst nede på den sosiale rangstigen, står Cristina i dag fram som ein framståande representant for dei kvinnene som meir og meir togar inn i politikken i Latin-Amerika.
Når det derimot gjeld fagrørsla, er Cristina for tida i hardt vêr. Hugo Moyano, leiaren for CGT, argentinsk LO, blir i media kalla for den viktigaste opposisjonelle til Cristina og legg ikkje skjul på at den delen han representerer, godt kan tenka seg å stemma på andre enn Cristina og hennar folk ved neste korsveg.

Dette er nye tonar frå CGT, som Perón sjølv kalla for «ryggrada i peronismen». Rett nok har fleire fagforbund gått ut med aktiv støtte til Cristina og vil truleg danna eit «alternativt» CGT, men ei splitting av denne fagorganisasjonen var utenkjeleg i Evita og Perón si tid, sjølv om det har skjedd sidan.

Den spanske diplomaten og konservative politikaren José María de Areilza har malande skildra den direkte kontakten Evita hadde med sine. I dag kan det vera vanskeleg å førestilla seg den tonen og det klimaet som herska der presidentfrua tok seg av dei tallause gjestene.

Lengst framme i ein sal med mykje ståk og støy sat Evita og lytta til dei mest varierte problema folk kom med. Det var spørsmål om alt frå lønsauke til ei hovudavtale i arbeidslivet, via ein bustad for ein familie, medgift til eit bryllaup, barneklede, plass på ein skule, mat, filmløyve, ulike typar stønader, klagemål om maktmisbruk, intervju, hyllingsmarkeringar, møte, innviingar, kvinnemøte eller utdeling av gåver og donasjonar. Evita heldt i gang det utmattande arbeidet i time etter time, til langt på natt.

Så vel venner som motstandarar og fiendar av Cristina Fernández kan einast om at ho er særs arbeidsam og særs dugande. Ho har dessutan lagt for dagen ein disiplin og ein altomfemnande energi som fører tankane tilbake til Evita. Som forgjengaren og den no avlidne ektemannen, Néstor Kirchner, utfordrar Cristina dessutan massemedia på desse sin eigen heimebane. Ho set dagsorden for media, i ei tid då i første rekkje fjernsynet er blitt vant til å styra politikarane sin agenda.
Den argentinske statsvitaren Eduardo Rinesi meiner media ser på denne strategien som ei fornærming av deira eiga rolle, og at dette langt på veg forklarer dei sterke pressereaksjonane mot Cristina. Det kan sjå ut til at ho har vendt tilbake til den direkte kommunikasjonen som politikarar tidlegare hadde med veljarane, og som Evita var den store eksponenten for i Argentina.

Når musikalen Evita no går over tilje på Det Norske Teatret, skjer det samstundes med at Evita skal erstatta den tidlegare presidenten Julio Argentino Roca på 100 pesosetlane og i eit halvår då dei argentinske topplaga i fotball kjempar om Evita-pokalen i den heimlege serien.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive