Tungt løft for IT-avdelinga

IT-avdelinga løfter serverar (Foto: IT-avdelinga)

IT-avdelinga har eigenhendig løfta både NHH-forsking og nær sagt alle andre data til nye høgder. Verktøyet var garasjejekk.

05.10.2012 - Hallvard Lyssand


I Servicebygget finst eit rom fullt av serverar der det blant mykje anna er lagra data knytt til NHH-forsking.

Store datamengder krev store datamaskiner, som igjen krev mykje kjøling. Kjøleanlegget i det aktuelle server-rommet var ikkje elnger godt nok og måtte skiftast.

For å få på plass eit nytt anlegg måtte golvet i rommet hevast med 15 centimeter.

Etter grundige føerbuingar vart løftet påbegynt etter lunsj på måndag. Heile operasjonen vart gjennomført av tilsette ved IT-avdelinga medan datasenteret var i full drift.

Ved hjelp av garasjejekkar, stålbjelkar og bukkar løfta dei heile serverparken slik at det kunne leggjast nytt datagolv. Deretter vart maskinene senka ned att, og ca. kl. 21 sto datasenteret igjen trygt på nytt golv.

Thor-Inge Næsset (sitjande), Kristian Øpstad og Jan Vidar Håtuft frå IT-avdelinga under løfteprosessen. (Foto: IT-avdelinga)
Thor-Inge Næsset (sitjande), Kristian Øpstad og Jan Vidar Håtuft frå IT-avdelinga under løfteprosessen. (Foto: IT-avdelinga)
IT-sjef Thor-Inge Næsset (Foto: IT-avdelinga)
Serverparken var i full drift medan IT-avdelinga jekka oppmaskinene og fekk på plass nytt datagolv. IT-sjef Thor-Inge Næsset overvakar prosessen.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive