Transatlantisk etikkdebatt

Tabec, Peter Puzan (Foto: Hallvard Lyssand)

Fredag og laurdag er om lag 20 forskarar frå Europa og Nord Amerika samla ved NHH til den sjuande utgåva av The Trans Atlantic Business Ethics Conference (Tabec) under tittelen Business and the Greater Good: Regaining Trust, Humanity and Purpose in the Age of Crisis.

19.10.2012 - Hallvard Lyssand


Tabec-konferansen vart første gang arrangert i 2000 etter initiativ frå filosofane Georg Brenkert og Laszlo Zsolnai. Målet e å samla ei lita gruppe forskarar frå begge sider av Atlanterhavet til etikkdiskusjonar, og særleg næringslivsetikk.

- Konferansen finn stad annakvart år, og arrangørstaden vekslar mellom institusjonar i Europa og Nord-Amerika. I 2010 var konferansen i Toronto, og i år vart NHH bedne om å vera vertskap, seier postdoktor Lars Jacob Tynes Pedersen, ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.

Pedersen arrangerer konferansen saman med professor Knut Ims ved Institutt for strategi og leiing.

- Det deltek ti inviterte næringslivsetikarar frå kvar side av Atlanteren, og konferansen føregår i ei slags workshop-setting. Deltakarane presenterer forskingsarbeid som er kome ganske langt, og så vert desse diskutert, forklarar Pedersen.

- Når arbeida er ferdige vert dei gjerne publisert samla i eit tidsskrift, og såleis vert dei konferansen sitt forskingsmessige fotavtrykk, legg han til.

Konferansedeltakarane skal i gjennom i alt åtte sesjonar i løpet av fredag og laurdag.

Les meir på Tabec-konferansens nettsider

Professor emeritus Peter Pruzan, CBS,Tabec-konferansen (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor emeritus Peter Pruzan frå CBS var blant bidragsytarane under Tabec-konferansens første sesjon fredag føremiddag.
Tabec-konferansen 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
SOL-professor Knut Ims (t.h.) og postdoktor Lars Jacob Tynes Pedersen frå IRRR har arrangøransvaret for den sjuande Tabec-konferansen. Til venstre sit professor Laszlo Zsolnai frå Corvinus-universitetet i Budapest. Zsolnai tok initiativet til Tabec-konferansen saman med filosofkollega George Brenkert.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive