John List vekte rekordinteresse

John List (Foto: Hallvard Lyssand)

Over 60 PhD-studentar frå heile Europa melde seg på då The Choice Lab inviterte til seminar med professor John List, ein av dei leiande forskarane i verda innan eksperimentell økonomi.

17.10.2012 - Hallvard Lyssand


John List er Homer J. Livingston Professor of Economics ved University of Chicago og er rekna blant dei leiande forskarane innan eksperimentell økonomi.

Interessa synte seg då også å vera svært stor då The Choice Lab, NHH si forskargruppe i eksperimentell økonomi i samarbeid med blant andre forskarskulen i bedriftsøkonomi, annonserte eit doktorgradskurs med List.

Over 60 doktorgradsstudentar og postdoktorar frå heile Europa melde seg på, eit uvanleg høgt tal for denne typen arrangement. Kapasiteten i Karl Borchs auditorium var då også sprengt under førelesingane.

Blant dei oppmøtte på førelesinga Paraplyen vitja var også fleire medlemmer frå NHH sin fagstab, mellom anna Lars Jacob Tynes Pedersen frå IRRR.

- Eg har prøvd å få med meg så mykje av dette seminaret som timeplanen min har tillate, og skulle gjerne ha vore med på meir. List er ein kapasitet og har svært gode innsikter både gjennom eiga forsking og basert på andre sitt arbeid. Eg og kollega Trond Døskeland frå foretak arbeider med eigne eksperiment, og mykje av List sitt arbeid har veldig direkte kopling til ting vi arbeider med no, seier Tynes Pedersen.

List byrja med førelesingar måndag, og skal halda på til og med fredag. I tillegg til ti førelesingar om alt frå metode til døme på eigne eksperiment på sjølve doktorgradskurset, skal List halda seminar ved Institutt for samfunnsøkonomi torsdag.

John List (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor John List skal mellom anna halda ti førelesingar under sitt fem dagars opphald ved NHH.
John List-seminar (Foto: Hallvard Lyssand)
List trekte eit så stort publikum at kapasiteten i Auditorium Karl Borch måtte utvidast.
Choicelab seminar med John List (Foto: Hanna Sommerstad)
Alle seminardeltakarane samla.
Foto: Hanna Sommerstad

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive