Lanserer nettstad om ressurs- og miljøøkonomi

REConomics Hub (Illustrasjon)

Torsdag 4. oktober lanserer ei gruppe NHH-forskarar og stipendiatar The REConomics Hub, ei nettside som fokuserer på ressurs-, miljø- og klimaspørsmål frå eit økonomisk perspektiv. In English

03.10.2012 - Hallvard Lyssand


- Målet med desse nettsidene er tredelt, fortel doktorgradsstipendiat Patrick Narbel ved Institutt for foretaksøkonomi.

- Vi vil kommentera aktuelle spørsmål om ressurs-, energi- og klimaspørsmål fortløpande via bloggen vår. Vidare ønskjer vi å fungera som ein portal som samlar all relevant forskingsproduksjon frå forskarar som held til ved eller er tilknytt NHH. For det tredje tilbyr vi læringsressursar via RECipedia-seksjonen vår. Her finn ein forklaringar på sentrale omgrep på miljø- og klimafeltet, held han fram.

Dei involverte så langt er professorane Gunnar S. Eskeland, Leif K. Sandal og Stein Wallace, samt nemnde Narbel frå Institutt for foretaksøkonomi, og professor Rögnvaldur Hannesson og stipendiatane Tunç Durmaz og Grant R. McDermott frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Komande torsdag vert det offisiell opning av nettsida og presentasjon av initiativet for alle ved NHH som arbeider med dei aktuelle problemstillingane.

REConomics Hub

Opning av REConomics Hub
Dato:
Torsdag 4. oktober
Tid:
12.15-12.45
Stad: Aud. Karl Borch


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive