Er alle i Venezuela sosialistar?

Johannes Nymark (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)

Kronikk: I denne teksten publisert i Klassekampen 4. oktober skriv Johannes Nymark om korleis Henrique Capriles i valkampen bruker ein venstreretorikk som legg seg tett opp til Chávez sin. Vidare skriv han om korleis Hugo Chávez blir framstilt som ein klovn i vestlege media, trass i hans mange vellykka politiske reformer.

05.10.2012 - Johannes Nymark


Henrique Capriles, den viktigaste opposisjonspolitikaren til Hugo Chávez i Venezuela, hevda tidlegare i år at den politiske inspiratoren hans var Inácio Lula da Silva, den venstreorienterte presidenten i Brasil i åra 2002-2010. Slik ville Capriles stå fram som meir moderat enn Chávez, samstundes som han støttar dei fleste sosiale reformene til motstandaren, noko han har gjort aktivt i valkampen.

Lula tok sjølv brodden ut or Capriles sitt utspel då han 6. juli i år sendte ut eit kommuniké med full støtte til Chávez i valkampen: «Din siger vil vera vår siger», heitte det i støtteerklæringa til Chávez.

«Stem nede og til venstre», står det på Capriles sine valkampplakatar, og med «nede» refererer han til grunnplanet. Plakaten presenterer eit stort bilete av opposisjonskandidaten med ei baseballue som er drapert i Venezuela sine nasjonale fargar. Capriles vender seg tydelegvis til ein del av veljargrunnlaget til president Hugo Chávez, han nyttar ein venstreretorikk som ifølgje valforskaren Germán Campos prøver «å ta opp i seg diskursen til Chávez, men frå motsett side». Men er Henrique Capriles den moderate sosialisten han gir seg ut for å vera i valkampen?

Capriles kjem frå ein av dei rikaste familiane i Venezuela og er født inn i, ikkje ein, men to av dei mektigaste familiane i den venezuelanske medieverda. Han er utdanna advokat og var med på å danna det konservative partiet «Rettferd Først» (Primero Justicia). Capriles omtalar seg sjølv som ein glødande katolikk, og i eit intervju før han blei valt til guvernør i provinsen Miranda i 2008, sa han at den største historiske helten hans var Jesus Kristus.

Capriles var ein av skaparane av den venezuelanske greina av den sterkt konservative organisasjonen «Tradisjon, Familie og Eigedom», og var ein av dei som stod bak det mislukka og farseaktige kuppet mot Chávez i april 2002. Han blei òg klaga for å stilla seg bak åtaka mot den kubanske mbassaden i hovudstaden Caracas same året. Åtaket fann stad medan Capriles var ordførar i Maruta, det området der den kubanske ambassaden låg.

I omtalene av Capriles blir det lagt vekt på det emosjonelle elementet at han kjem frå jødisk slekt. Når det derimot gjeld motkandidaten, noverande president Hugo Chávez, er det kritikken som dominerer, mellom anna dette: Han held ikkje valløfta sine, offentleg sektor fungerer dårleg, korrupsjonen er omfattande, kriminaliteten like eins, kaos herskar i offentleg forvaltning, demokratiet er i fare, og så bortetter nær sagt i det uendelege. Som om det ikkje var korrupsjon og kriminalitet i Venezuela før Chávez tok over.

Realitetane er for det meste heilt annleis enn slik dei blir presenterte i vår vesterlandske presse. Styrken til Chávez er det han har fått til på det sosiale området, noko som syner att i det faktum at Capriles også går god for mykje av det som er oppnådd under Chávez frå 1998 av. 42,5 prosent av statsbudsjettet går til investeringar av sosial art, og dette blir sett pris på av dei fattige, som framleis utgjer 75 prosent av folket. Talet på lærarar i det offentlege skuleverket har gått opp frå 65.000 til 350.000, analfabetismen er så godt som utrydda, og talet på døde spedbarn er redusert til det halve. Venezuela er i dag det nest største landet i Latin-Amerika når det gjeld innskrivne på høgre utdanning (83 prosent), berre bak Cuba, og landet er nummer fem i verda, føre til dømes USA, Japan, Kina, Storbritannia, Frankrike og Spania.

Offentleg helse og utdanning er gratis og omfattar heile folket, infrastrukturen på sjukehusa er blitt klart betre i dei 14 åra Chávez har sete med makta, og gjennom ei ordning som går under namnet Mercal, får dei fattigaste kjøpa matvarer med 60 prosent rabatt i høve til prisane i dei private supermarknadene. Storgodsa er blitt mindre og færre - noko som sjølvsagt har ført til rabiate utfall mot Chávez hjå eigarane - millionar av arbeidarar har fått fagutdanning, og dei sosiale skilnadene er blitt mindre. Mellom anna finst det tre gonger færre fattige no enn då Chávez kom til makta i 1998.

Ein kan sjølv tenkja seg omfanget av fattigdommen den gongen. Minimumsløna er den høgste i Latin-Amerika, bustadbygginga har skote fart, og alderspensjon blir gitt til alle arbeidarane, også dei som har arbeidd i uformell sektor. Utanlandsgjelda er blitt mindre, det er teke initiativ til såkalla økososialisme, og det er blitt slutt på det skadelege trålfisket.

Det er alle dei konkrete handlingane til beste for dei fattige og tidlegare utstøytte som forklarer den breie og kompakte støtta Chávez har i dei nedste sosiale laga i Venezuela. Det forklarer òg kvifor Henrique Capriles nyttar ein retorikk som ligg tett opp til venstresida sin. «I dagens Venezuela er det ikkje på moten å vera på høgresida », har den meksikanske journalisten Luis Hernández Navarro treffande sagt.

Ser ein på internasjonal, vesterlandsk presse - inklusive den norske - kan ein med rette hevda at det i Venezuela går føre seg ein revolusjon som verdssamfunnet ikkje får med seg, oppteken som ein er av Chávez sin frekke retorikk og utfalla hans mot USA, Spania, nasjonal venezuelansk overklasse og andre som finn på å kritisera han. Med sin «sosialisme for det 21.hundreåret» går Chávez ut over det tradisjonelle liberale, representative demokratiet og innlemmar også deltakardemokratiet.

Samfunnsforskaren Ana María Sanjuan omtalar denne politikken som «ei demokratisering av makt og rikdom», og nemner Chávez sitt utgangspunkt, nemleg at kapitalismen ikkje eignar seg for å oppnå eit «sosialt demokrati». Sentralt i Chávez sitt prosjekt for direkte deltakardemokrati står ambisjonen om å styrka det lokale, den «kommunale makta», for så litt etter litt å demontera den borgarlege staten.

Det verkar ikkje som om det venezuelanske eksperimentet vil rokka ved staten si styrande rolle i samfunnsstrukturen. Snarare er det slik at staten bør gjenvinna si rolle som krumtapp i den nasjonale samfunnsveven og i utanrikspolitikken, for å rå bot på dei problema statsapparatet i Venezuela har hatt i tiår med vanstyre, ineffektivitet og stor grad av korrupsjon på ulike nivå. Det er meininga at ei slik nyvunnen rolle for staten skal kombinerast med mobilisering og aktiv deltaking på grunnplanet gjennom komitear og råd på område som byplanlegging, bankvesen, natur- og energiressursar, i tillegg til helse og ernæring.

I ein latinamerikansk kontekst har ein slik ideologi relativt stor gjennomslagskraft, spesielt fordi ein i perioden 1968-1975 hadde eit eksperiment i Peru som mislukkast nettopp av di kombinasjonen av arbeidarstyrte verksemder, kooperativ, og lokale og regionale organisasjonsmodellar ikkje blei skikkeleg koordinerte gjennom politisk kontroll på statleg nivå.

I internasjonale media og i det politiske og økonomiske establishment blir Hugo Chávez gjerne framstilt som ein klovn. Tendensen hans til konfrontasjon er så politisk ukorrekt at han blir ei utfordring for maktapparatet i store delar av den vestlege verda. Det er difor freistande å gjera han ufarleg, slik at han ikkje står fram som seriøs korkje i ord eller i handling. Men med sin bakgrunn frå fattige kår - den vesle Hugo selde sukkertøy i gatene i landsbyen der han vaks opp - er Chávez meir enn dei fleste politikarar i stand til å ta fattigfolket på pulsen.

Talegåvene hjelper òg Chávez til å nå fram til folkedjupet. Talene hans er underhaldande og med eit kvardagsspråk som held det formelle politiske tåkepratet på armlengds avstand. Det politiske prosjektet blir illustrert med anekdotar, songar og humoristiske innslag.

Somme av talane er retoriske meisterverk, der Chávez gjerne tar til med å presentera det politiske programmet sitt. For ikkje å keia ut tilhøyrarane kan han så ta avstikkarar via anekdotar, historier, dikt, spøkar eller folkesongar, før han til slutt bind saman programmet og digresjonane, og kjem fram til hovudpoenget. I vår del av verda har det sine kostnader berre å omtala Hugo Chávez eller det han har oppnådd politisk, i positive ordelag. Han skal helst framstillast som ein populistisk latinamerikansk president med autoritære og totalitære tendensar. At han har støtte i størstedelen av folket, som han har gjort ein god del for, blir gjerne feia under teppet. Gjennom omfattande internasjonale pressekampanjar blir det hamra inn at massemedia skal vera kontrollert av staten. Røyndommen er annleis.

Berre tolv prosent av fjernsynskanalane er offentlege, resten - det vil si 88 prosent - er i privat eige. Når det gjeld radiostasjonar, så er tala høvesvis ti prosent og 90 prosent. Og dei to største avisene i Venezuela, El Universal og El Nacional, er begge private og systematisk fiendslege til Chávez.

Det er ingen løyndom at Henrique Capriles sin presidentkampanje har hatt solid støtte frå dei viktigaste private massemedia. Det er til tider blitt hevda at opposisjonspressa i Venezuela går ærendet til potensielle kuppmakarar. Til tider er dette utan tvil sant - som når det blir spreidd falske rykte eller direkte løgner, til dømes om Chávez sin helsesituasjon - men andre gonger kan det vera vanskeleg å balansera på ei line som skil reell opposisjon frå konspirasjon og oppmoding til kupp. Også innanfor Chávez sine rekkjer finst kritiske røyster. Tåler ikkje eit regime kritikk eller opposisjon frå desse innanfor rammene av legale politiske aktivitetar, er spranget ikkje langt til at også dei vil søka hjelp hos dei mest konservative massemedia på høgresida.

Hugo Chávez vann presidentvalet for første gong i desember 1998, og har til saman late veljarane avgjera lagnaden sin i 13 val og folkerøystingar. Han har berre tapt ein gong - og det med knapp margin - nemleg i folkerøystinga i 2007 over grunnlovsreformer. Det står att å sjå om veljarane i Venezuela 7. oktober på nytt vel Chávez til president, eller om høgresida sin kandidat, Henrique Capriles, vil lukkast med sin sosialistflørt og lokka så mange av Chávez sine moderate veljarar over på si side at han får fleirtal.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive