Budsjett utan store overraskingar

Statsbudsjettet 2013 (Illustrasjon)

Framlegget til statsbudsjett for 2013 inneheld ingen store overraskingar for NHH.

09.10.2012 - Hallvard Lyssand


Løyvinga til NHH i 2013 er på 373,6 mill. kroner, ein auke på 17,5 mill. kroner i høve til 2012-budsjettet. Av dette er 11,7 mill. kroner kompensasjon for pris- og lønsvekst, medan veksten elles i hovudsak er knytt til auka studiepoengproduksjon, samt til opptrapping av studieplassar.

I 2013-budsjettet er det sett av midlar til 45 nye studieplassar ved NHH. Dette er likevel ikkje ei ny løyving, men del av ei årleg opptrapping i talet på studieplassar som byrja alt i 2011 med 35 nye studieplassar per år og vart utvida med ytterlegare ti i revidert budsjett 2012. Begge opptrappingane går over fire år og skal vera fullført i 2015.

- Alt i alt er budsjettframlegget om lag som forventa for NHH, seier rektor Jan I. Haaland

- Det mest skuffande med framlegget er at det heller ikkje i år kjem midlar til nye stipendiat- og postdoktorstillingar i sektoren, held han fram

- Det er dessutan både overraskande og skuffande at vidareføring av 57 stipendiatstillingar i matematiske, naturvitskapelege og teknologiske fag frå krisepakka i 2009 vert finansiert med trekk i basisløyvingane til alle institusjonar. For NHH utgjer det eit nedtrekk på kr. 717 000, sluttar Haaland.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive