SIØS sjøsett på nytt

SIØS-gruppe (Foto: Eivind Senneset)

Eit gåveprofessorat frå Bergens Rederiforening skal bidra til å revitalisera Senter for internasjonal økonomi og skipsfart ved NHH. Tysdag vart senteret gjenopna med eit seminar som samla forskarar og bransjefolk.

14.11.2012 - Tekst: Hallvard Lyssand Foto: Eivind Senneset


Senter for internasjonal økonomi og skipsfart (SIØS) vart oppretta tidleg på 1990-talet, som ei vidareføring av NHH sine solide tradisjonar innan forsking på shipping.

Aktiviteten ved senteret har vore låg ein periode, men tysdag gjekk det offisielle startskotet for ei ny satsing. Ei sentral element i revitaliseringa av SIØS er eit gåveprofessorat i skipsfartsøkonomi frå Bergens Rederiforening.

Rektor Jan I. Haaland - som sjølv har vore forskingsleiar ved SIØS - understreka at gåveprofessoratet og innehavaren, Roar Os Ådland, er viktige brikker i nysatsinga, som m.a. omfattar tettare samarbeid med skipsfartsnæringa.

Senior Vice President i Odfjell Helge Olsen representerte Bergens Rederiforening i eigenskap av å vera nestleiar i foreininga sitt styre.

Han fastslo at foreininga arbeider for å synleggjera og profilera den maritime næringa i Bergen, samstundes som dei vil betra rekrutteringa og kompetansebygginga i næringa og sikra at rammevilkåra er like gode i Noreg som i utlandet.

- Vi ser fram til å samarbeida med NHH og vidareutvikla det maritime miljøet som ei kunnskapsklynge, sa Olsen, og ønskte Ådland velkommen til Bergen, "ein maritim hovudstad."

Fortid og framtid

Seminaret som markerte gjenåpninga av SIØS skal etter planen bli eit fast arrangement.

Tysdagens program vart sett saman av like delar NHH-folk og bransjefolk, og samla om lag 100 delatakarar.

Professorane Stig Tenold, Victor D. Norman og Roar Os Ådland tok seg av NHH-delen.

Tenold presenterte funn frå eit fellesnordisk forskingsprosjekt om utviklinga i skipsfarten i dei nordiske landa sidan 1960-talet.

Norman tok for seg spørsmålet om norsk skipsfart har ei framtid. Han nytta mellom anna historiske utviklingstrekk ved næringa for å presentera utfordringar ulike delar av bransjen må rekna med å takla for å overleva.

Ådland avslutta forskardelen av programmet med å visa korleis shipping er blitt stadig meir "finansialisert" og kompleks på den kommersielle sida, og kva krav denne utviklinga stiller til dei som vil overleva i næringa.

SIØS-seminar 2012, gruppebilete (Foto: Eivind Senneset)
Nokre av dei sentrale NHH-forskarane innan internasjonal økonomi og skipsfart samla under SIØS-seminaret tysdag. Frå venstre Jan I. Haaland, Siri Pettersen Strandenes, Arnljot Strømme Svendsen, Stig Tenold, Roar Os Ådland og Victor D. Norman.
Helge Olsen, Odfjell/Bergens Rederiforening, SIØS-seminar 2012 (Foto: Eivind Senneset)
Bergens Rederiforening, her representert ved nestleiar i styret, Helge Olsen frå Odfjell, har gjeve NHH eit gåveprofessorat i skipsfartsøkonomi.
Stig Tenold, SIØSseminar 2012 (Foto: Eivind Senneset)
SIØS-seminaret tysdag samla om lag 100 deltakarar. Dei fekk blant anna høyra professor Stig Tenold frå Institutt for samfunnsøkonomi fortelja om utviklinga i skipsfarten i dei nordiske landa sidan 1960-talet.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive