Samla Mastra-alumni

Mastra-reunion 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)

NHH Executive satsar på alumniarbeidet. Torsdag var Mastrakandidatar frå alle kull sidan starten i 1996 invitert til "reunion" og fagleg påfyll ved NHH.

30.11.2012 - Hallvard Lyssand


NHHE sitt Executive MBA-program i strategisk leiing, Mastra, er eit toårig studium som skal gjera leiarar og mellomleiarar i stand til å ta betre avgjerder.

Sidan starten i 1996 har om lag 500 personar fullført programmet. Denne veka var om lag 50 av dei samla på NHH til fagleg påfyll og sosialisering i regi av NHH Executive.

- Dette er eit ledd i vår styrka satsing på alumniarbeidet, seier dekan for etter- og vidareutdanning ved NHH, professor William Brochs-Haukedal.

Han påpeikar at kandidatane sjølv har arrangert treff tidlegare, men at det då i hovudsak har vore for dei einskilde kulla.

- Å arrangera eit treff der alle mastra-alumni vert invitert krev likevel ein del meir, og det har vi organisatoriske ressursar til, seier Brochs-Haukedal.

Mastra-reunion 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
Mastra-programmet vart starta i 1996. Torsdag var representantar frå storparten av kulla på plass ved NHH til "reunion."

Aktuelt program

Det faglege programmet bestod av innlegg om sosiale media og marknadsføring ved professor Robert V. Kozinets frå York University og førsteamanuensis Ingeborg A. Kleppe, om omstilling og endringsleiing ved professor Inger G. Stensaker og om krisar, vekst og strategiske utfordringar, ved professor Lasse B. Lien, alle frå Institutt for strategi og leiing.

Inge Jan Henjesand frå Abelia avslutta førelesingsrekkja med eit innlegg om innovasjon for økonomisk vekst.

- Når vi set saman programmet prioriterer vi aktuelle tema og å løfta fram ein del av det som skjer her ved NHH, seier Brochs-Haukedal.

Professor Lasse Lien, Mastra-reunion 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Lasse B. Lien heldt innlegget Kriser, vekst og strategiske utfordringer.

- Inspirerande år

Blant deltakarane var Kari Sunde, som er HR-manager i Det norske veritas. Ho er frå mastrakull nummer to, som gjekk gjennom programmet i 1998-99.

- Eg vart siviløkonom her ved NHH i 1980. Etter kvart fekk eg behov for oppfrisking og å setja meg inn i ny teori. Eg valde Mastra og har ikkje angra eit sekund, seier ho.

- Det var mykje arbeid, men nesten berre glede ved det. Det var to inspirerande år, held ho fram.

Sunde var også nøgd med reunionarrangementet.

- Det har absolutt svart til forventningane. Det var spanande tema, og det er alltid interessant å få høyra det nyaste frå akademia, seier ho.

Samstundes er det jo eit hyggjeleg høve til å treffa kjente frå eige kull og utvida nettverket på tvers av kullgrensene, sluttar ho.

Les meir om Mastra på nhh.no

Kari Sunde, Mastra-reunion 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
NHH-alumna Kari Sunde tok Mastra i 1998-99.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive