Pedagogisk dag 2012: Undervisning i store grupper

Aud. max, Merino (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)

Onsdag 14. november vert det arrangert Pedagogisk dag ved NHH. Både eksterne og interne deltakarar bidreg med innlegg kring hovudtemaet: undervisning i store grupper. Påmeldingsfrist er måndag 12. november. In English

06.11.2012 - Hallvard Lyssand


Målet med pedagogisk dag er å gje inspirasjon til førelesarane ved NHH, og å gje betre innsikt i korleis andre tenkjer kring si undervising.

Hovudinnleiar er førsteamanuensis Arne Skodvin frå det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Skodvin har m.a. skriver boka Forelesningens kunst, der han ser på førelesinga i kontekst av idear og praksis i den akademiske historia, og tek opp problemstillingar kring førelesinga sin funksjon og posisjon innan utdanning i dag.

Vidare deltek professor Lars Mathiesen frå Institutt for samfunnsøkonomi og postdoktor Lars Jacob Tynes Pedersen frå Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap.

Mathiesen fortel om sine erfaringar frå kurset SAM020 vidaregåande mikroøkonomi. Hausten 2011 vart førelesingane hans i faget filma og lagt ut kurset si heimeside på It's Learning.

Mathiesen tek opp spørsmålet om denne metoden styrka læringsutbytet til studentane både hausten 2011 og hausten 2012.

Sjå ein av førelesingane på nhh.no

Postsdoktor Lars Jacob Tynes Pedersen skal snakka om utfordringane som oppstod då talet på studentar på kurset VOA021 Frontiers of Business Ethics: Moral Choice in Business Practice auka kraftig. Kva vert behalde og kva går tapt når små grupper veks?

Dekanane Kjetil Bjorvatn og Kenneth Fjell opnar og avsluttar arrangementet.

Det vert servert lunsj frå 12.15.

Påmelding til Pedagogisk dag Påmeldingsfrist er måndag 12. november

Dato: Onsdag 14. november 2012
Tid:
09.00 til 12.00
Stad:
Terje Hansens auditorium


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive