Økonomi, bygg, val og strategi

NHH frå nord (arkivfoto)

2013-budsjettet, diverse byggtekniske spørsmål, strategiarbeid og rammer for neste rektorval er blant sakene på NHH-styret sin agenda måndag 5. november.

02.11.2012 - Hallvard Lyssand


NHH sitt budsjett for 2013 skal ikkje vedtakast endeleg før i desembermøtet. Styret har likevel bede om å bli informert om og involvert i budsjettarbeidet, og måndag får dei presentert eit budsjett på aggregert nivå til førebels handsaming.

Styret skal også handsama økonomirapporten for andre tertial 2012.

Som dei fleste etter kvart vil ha registret føregår det relativt mykje byggearbeid ved høgskulen i augneblinken. Det får også innverknad på styrearbeidet.

Medlemane skal handsama ei sak om inventar og utstyr i nybygget. I tillegg skal dei ta for seg saker om ombygginga av Dag Cowards auditorium og ei sak om byggteknisk oppgradering og drift.

Dei to sistnemnte sakene er unnateke offentleg innsyn, m.a. av omsyn til NHH sin forhandlingsposisjon seinare i dei aktuelle prosessane.

Vidare får styret framlagt framdriftsrapport for arbeidet med NHH sin strategi for perioden 2014-2017. Dei skal også debattera rammer og tidsplan for gjennomføring av val rektor og styre i 2013.

Sjå møteinnkallinga og sakspapira på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive