Karrierebygging i Budapest

CEMS karriereforum (Foto: Stella Gjerstad)

CEMS årlege karriereforum vart i år halde for 18. gang. Arrangementet fann stad ved Corvinus-universitetet i Budapest. Her kunne dei 950 påmelde studentane treffa representantar frå 36 av CEMS sine næringslivspartnarar. In English

30.11.2012 - Tekst og foto: Stella Gjerstad


Målet med CEMS' karriereforum er å leggja til rette for CEMS-studentane si personlege og karrieremessige utvikling, og å gje både studentane og selskapa sine representantar høve til nettverksbygging.

I løpet av to travel dagar deltek studentane på såkalla "skills"-seminar i regi av næringslivspartnarane og på førehandsavtala intervju, i tillegg til å vitja stands og presentasjonar. Ti NHH-studentar var blant dei som nytta høvet.

CEMS Career Forum, Budapest 2012 (Foto: Stella Gjerstad)
Corvinus-universitetet husa den 18. utgåva av CEMS Career Forum i midten av november.

Norske næringslivspartnarar

Dei norske næringslivspartnarane til CEMS, Statkraft og Statoil, vart representerte ved høvesvis Victoria Bodak, Anduvap Servet Akgün og Karolina Orleanski, og Camilla Arntsen og Ying Yang.

Francesco Polano er CEMS-student frå Universitá Luigi Bocconi i Milano. I augneblinken er han utvekslingsstudent ved Rotterdam School of Management, og var i Budapest for å koma i kontakt med potensielle framtidige arbeidsgjevarar.

- Etter å ha vore på ferie i Noreg og å ha snakka med norske studentar i Rotterdam har eg blitt fascinert av landet og karrieremogelegheitene som finst der. Eg ville snakka med Statkraft og Statoil fordi eg set pris på deira investeringar og forsking i grøn teknologi. For meg er det viktig at selskap legg sterk vekt på interne verdiar, har grøn profil og er medvitne om sitt sosiale ansvar, seier Polano.

CEMS-student Fancesco Polano (til høgre) i samtale med Anduvap Servet Akgün and Karolina Orleanski frå Statkraft, CEMS Karriereforum 2012 (Foto: Stella Gjerstad)
CEMS-student Fancesco Polano (til høgre) i samtale med Anduvap Servet Akgün and Karolina Orleanski frå Statkraft.

CEMS-klubbkonferanse

Kenza Taoufik er leiar i CEMS-klubben ved NHH. Ho var i Budapest for å delta på CEMS Club-konferansen, som vert arrangert av styremedlemene frå dei ulike CEMS-institusjonane. I tillegg var ho til intervju med selskapet Whirlpool.

- Dette er ein viktig arena der studentar kan byggja nettverk, ikkje berre med representantar frå ulike selskap, men også med andre CEMS-studentar og -alumni, seier Taoufik.

- I tillegg er karriereforumet eit høve til å nyta eksklusiviteten til CEMS, legg ho til.

Karriereforumet samlar også representantar frå dei ulike CEMS-skulane. CEMS Corporate Relations Managers frå dei utdanningsinstitusjonane treff både kvarandre og næringslivsrepresentantar for å utvikla nye måtar å samarbeida på.

Les meir om CEMS Career Forum

Les meir om CEMS sine næringslivspartnarar

Ying Yang og Camilla Arntsen frå Statoil informerer studentar, CEMS Karriereforum 2012 (Foto: Stella Gjerstad)
Ying Yang og Camilla Arntsen frå Statoil informerer studentar.
Kvit
CEMS - The Global Alliance in Management Education

Rammetekst

• Grunnlagt i 1988

• NHH vart medlem i 1992

• Berre ein medlemsinstitusjon per land

• 26 medlemesskular per november 2012

• 70 næringslivspartnarar

•Norske partnarar er Statkraft og Statoil

• Graduation 2012 ved St. Gallen-universitetet samla 787 avgangsstudentar



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive