Humankapital gir individuell lønn

Humankapital (Illustrasjon: Willy Skramstad)

"Hold-up"-effekten fører til avlønning etter individuelle prestasjonar, sjølv når dei tilsette jobbar saman i grupper og på prosjekt, seier professor Trond E. Olsen ved Institutt for føretaksøkonomi.

01.11.2012 - Bendik Støren


I den moderne økonomien blir folks individuelle ferdigheiter, kunnskapar og relasjonar stadig viktigare, mens prosentdelen fysisk kapital har minka dramatisk dei siste tretti åra.

Samtidig blir det vanlegare med individuell prestasjonsbasert lønn. Er det ein samanheng her?

Forhandlingsmakta

Sjølv om bedriftene ofte kan ønskje seg gruppelønning, kan det vere vanskeleg å få det til i praksis. Årsaka er at når aktørane sit på unike menneskelege verdiar, blir forhandlingsmakta flytta i arbeidstakarens favør. Dermed blir det ikkje nokon fornuftige insentiv, og resultatet blir uoptimalt.

Det viser Trond E. Olsen frå NHH og Ola Kvaløy frå Universitetet i Stavanger i artikkelen "The rise of individual performance pay".

- Problemstillinga blir aktuell når arbeidstakarar har ei såkalla "hold-up"-moglegheit, altså at dei har eit eigarskap til det dei har produsert, og høve til å ta det med seg ut av bedrifta. Då kan dei bruke det som utgangspunkt for forhandlingar, også etter at resultatet ligg føre, og true med å gå ut av bedrifta og ta med seg det dei har produsert, dersom dei ikkje får innfridd krava sine, seier Olsen.

Han trekkjer fram klientforhold som eit godt døme, og idear som ikkje er patenterte eller lèt seg patentere.

- Det vi analyserer i denne artikkelen, er i kva grad slike forhold avgrensar høvet til å lage gruppebaserte bonussystem. Det vi finn, er at - ja - høvet blir avgrensa, seier Olsen.

Patent

Dersom ein ikkje har høve til å gi gruppebaserte insentiv, er det eit hinder som kan gi uoptimale utfall. Komplementære oppgåver blir vanskelegare å lønne rett.

- La oss seie at produksjonen aukar dersom ein annan gjer meir. Dersom lønna mi berre er avhengig av det eg får til, vil eg ikkje ta omsyn til den positive effekten innsatsen min vil gi hos deg. Under slike forhold er det vanlegvis gunstig å gi gruppebonus, fordi det internaliserer dei komplementære verknadene og gir rettar prising av arbeidet, seier Olsen.

For å motarbeide denne utviklinga prøver bedriftene å etablere eigedomsrett gjennom patent på det tilsette kjem fram til.

- Men i den grad den humane kapitalen berre sit i hovudet på den tilsette, blir det vanskeleg, held Olsen fram.

- I bedrifter med mykje forsking og utvikling ser ein at tilsette som sluttar, ikkje har lov å jobbe i konkurrerande bedrifter i ein viss periode etterpå. Slike karanteneavgjerder kan likevel vere vanskelege å avgrense, seier han.

Ein konsekvens av "hold-up"-effekten må kunne seiast å vere at ein flyttar makt frå arbeidstakaren til arbeidsgivaren.

- Når det gjeld heilt tradisjonell produksjon, der ein arbeidar lett kunne erstattast av ein annan, kan ein seie det. Det gir auka forhandlingsmakt. I den grad moderne produksjon blir meir og meir basert på human kapital og mindre på fysisk kapital, skulle dette fenomenet bli meir vanleg, avsluttar Olsen.

Saka er henta frå NHH Bulletin nr. 3, 2012

Trond E.Olsen og Ola Kvaløy (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)
Professorane Trond E.Olsen frå NHH (nærast kamera) og Ola Kvaløy frå UiS har skrive artikkelen "The rise of individual performance pay".
Foto: Hallvard Lyssand (Arkiv)

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive