Ein tullar ikkje med katalansk identitet

Johannes Nymark

Kronikk: «Catalonia si framtid blir avgjort av folket og ikkje i statsråd i Madrid eller av ein grunnlovsdomstol», seier den katalanske regionalpresidenten, Artur Mas. I dag er det regionale val i Catalonia, skriv NHHs Johannes Nymark i Bergens Tidende 25. november i år.

30.11.2012 - Johannes Nymark


Dei tradisjonelle motsetnadene mellom Barcelona og Madrid har i den seinaste tida toppa seg med dei katalanske krava om nasjonal suverenitet og politisk uavhengigheit frå Spania. Det katalanske meiningsmålingsinstituttet CEO har nyleg gjort ei måling som viser at 57 % av dei spurte ville stemma for uavhengigheit, berre 20,5 % mot.

Sjølv om det i første omgang berre dreier seg om val til parlamentet i regionen, har alarmklokkene gått i leiande politiske krinsar i Spania, for dei tre partia som går inn for lausriving, samlar godt over halvparten av stemmene.

Har katalanske ambassadar

Den katalanske identiteten stikk djupt hjå mange katalanarar som, når dei er i utlandet, gjerne presenterer seg som det, katalanarar og ikkje i første rekkje spanjolar. Den katalanske identiteten femner òg breiare enn til dømes den baskiske, fordi den har tilslutnad frå viktige delar av borgarskapet. Symptomatisk nok har katalanarane oppretta eigne katalanske ambassadar i strategisk viktige byar som London, Paris, Berlin og New York.

Heilt frå slutten av 1700-talet har ein sett på Catalonia som det økonomiske lokomotivet i Spania, og som økonomisk kjerneområde har det heile tida sidan hatt sine feidar med den politiske sentralismen i Madrid. Den kulturelle bløminga på 1800-talet forsterka kjensla av å vera annleis og noko anna enn det offisielle biletet spanske styresmakter synte fram for omverda. Sentralt i utviklinga av det særeige katalanske stod det katalanske språket, med anar attende til mellomalderen.

Vender seg mot Europa

Katalanarane har på mange måtar vore meir vende mot Europa enn andre spanjolar. Dei store europeiske ideologiane kom til Spania via Barcelona og Catalonia, som til dømes den italienske Renessansen og det franske tankegodset frå Opplysningstida og frametter. Då Spania miste siste rest av sitt oversjøiske imperium i 1898, var det det europeisk orienterte Catalonia dei intellektuelle peikte på som førebilete for å skapa eit nytt Spania.

Då hadde styresmaktene i Spania lenge levd i det sjølvbedraget at landet framleis var ei internasjonal stormakt, medan landet ikkje hadde følgd med korkje i den politiske eller økonomiske utviklinga elles i Europa. Med eitt unnatak: Catalonia.

EU-oppslutninga kan sprekke

Når sentralregjeringa no trugar med at eit uavhengig og republikansk Catalonia vil bli ståande utanfor EU, har vi å gjera med ikkje så lite av eit paradoks. På 1960- og mesteparten av 1970-talet var Barcelona den motkulturelle hovudstaden i Spania, og det var der ein tok til å gå inn for medlemskap i det som den gongen var EF, med det for auge å tryggja ein overgang til demokratiet frå det Franco-diktaturet som hadde sitt politiske høgsete i Madrid.

Katalanarane har i det store og heile gått ihuga inn for EU og har til tider hatt meir tillit til Brussel enn til Madrid. Men i dagens økonomiske krise kan det sjå ut til at tilmed den kompakte katalanske oppslutninga om EU slår sprekker, sjølv om dette er meir mellom folk flest enn innanfor dei politiske partia.

Merka av krisa

Med ei gjeld på 42 milliardar euro og amputerte sosiale tenester har regjeringspartiet i Catalonia, CiU, meir enn nok med å administrera den økonomiske krisa, og sosialistane i PSC, den katalanske greina av det største opposisjonspartiet, PSOE, kritiserer CiU for å vera ute av stand til å gjera noko effektivt med den økonomiske og sosiale stoda.

Preiket om nasjonal suverenitet for eit republikansk Catalonia, ser sosialistane på som eit politisk røykteppe ein legg for å kamuflera dei sosioøkonomiske realitetane.

Sjølv går sosialistane til val på kravet om ei føderal ordning der sentralstyresmaktene i Madrid knapt skal ha makt til å ta avgjerder i Catalonia, tilmed i saker som har å gjera med forsvars- og utanrikssaker. I tillegg lovar dei å gå inn for ein sterk reduksjon av skatteoverføringane til Madrid.

Dette siste punktet er ikkje minst viktig når vi ser debatten om Catalonia med den økonomiske krisa som dystert bakteppe. Dei to store spanske partia, PP og PSOE, skuldar på udugande katalanske politikarar, medan desse viser til dei tradisjonelt store overføringane frå det «verdiskapande» Catalonia til sentralstyresmaktene i Madrid, og skuldar spesielt PP for å ha vore uinteresserte i å diskutera ei ny skatte- og avgiftspakt.

Ein solidarisk stat?

Det spanske regjeringspartiet ser no ut til å vera litt på gli i dette spørsmålet, men står steilt på politisk status quo for den katalanske regionen, i ein «solidarisk stat» der dei autonome regionane (Comunidades Autónomas) har eit relativt vidt indre sjølvstyre, men der dei òg har mange funksjonar og kompetanseområde sams med staten, noko som blir omtala som storspansk nasjonalisme av dei mest radikale delane av den katalanske rørsla.

Det er ikkje mange år sidan det blei rekna som nær sagt utopi at den regjerande sentrum-høgre-koalisjonen i Catalonia, CiU, ville gå inn for ei folkerøysting om lausriving av regionen frå Spania, slik ein minoritet, spesielt ERC, har hatt ønske om i lange tider. Men 10. juli 2010 blei eit vendepunkt i katalansk politikk. Denne sommardagen tok ein million til gatene i Barcelona for å demonstrera mot at den spanske Grunnlovsdomstolen tidlegare det året ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret. Domstolen blanda seg også direkte inn i den politiske diskursen i Catalonia då han uttala seg mot at katalanarane nyttar termen «nasjon» om regionen dei bur i. Dette er vanleg mellom mange katalanarar, og Artur Mas vender seg gjerne til folket med helsinga «Kjære landsmenn!».

Høgsterett provoserer

Sentralistane i Madrid kasta endå meir eld på bålet då dei tok til å klaga på at katalansk har første prioritet i skuleverket i Catalonia. Den spanske høgsteretten i Madrid har kome med ein dom som vil tvinga den katalanske regionalregjeringa til å uttrykkjeleg gå inn for at kastiljansk - det vi kallar spansk - skal vera hovudspråk og hjelpespråk i alle fag i undervisninga i Catalonia, på lik line med katalansk.

Den spanske utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert fekk katalanarar til å minnast Franco-regimet då han gjekk inn for å «spanjolisera» Catalonia. Ein tullar ikkje med den katalanske identiteten.


Fakta om Catalonia

• Autonom region under Spania med 7, 5 millionar innbyggjarar. Barcelona er hovudstaden.

• Har eige språk, katalansk, og eige flagg, Senyera, og er regionen i Spania med størst industriell produksjon.

• Sjølvstyreinstitusjonen La Generalitat, har parlament, president og regjering/utøvande råd. La Generalitat rår sjølv i saker om kultur, miljø, kommunikasjon, transport og offentleg tryggleik, men er underordna Spania når det gjeld utdanning, trygd og rettsvesen.

• President Artur Mas vil ha meir sjølvstyre, og har skrive ut nyval. Det er i dag, 25. november.

• Valet står m.a. mellom: Regjeringskoalisjonen CiU Convergència Democràtica de Catalunya), PSC, (Partit dels Socialistes de Catalunya, katalansk grein av PSOE (Partido Socialista Obrero Español)), PP (Partido Popular), ERC (Esquerra Pebublicana de Catalunya) og ICV (Iniciativa per Catalunya Verds).


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive