Ei krise for demokratiet

George Papandreou, Financial Secrecy, Society and Vested Interests (Foto: Eivind Senneset)

Eksstatsminister George Papandreou frå demokratiets vogge Hellas åtvarar om at aukande ulikskap og konsentrasjon av makt på få hender kan senda demokratiet i grava.

21.11.2012 - Hallvard Lyssand


George Papandreou frå sosialistpartiet Pasok vart statsminister i Hellas i hausten 2009, og var den som kunngjorde at landet si gjeld var langt høgare enn det som tidlegare var kjent. Grepa han tok for å takla krisa var ikkje populære, og han mista mykje støtte. I november 2011 gjekk Papandreou av, og regjeringa hans vart erstatta av ein brei koalisjon.

Tysdag heldt Papandreou innlegg på konferansen Financial Secrecy, Society and Vested Interests, som er eit samarbeid mellom NHH og organisasjonen Publish What You Pay Norway.

Ein fullsett aula fekk både innsideinformasjon om den pågåande greske tragedien og Papandreou sitt syn på globale utfordringar.

- Ikkje latskap

I følgje Papandreou har Hellas eit stort økonomisk potensial med mogelegheiter innan alt frå jordbruk og shipping til turisme grøn energi. Så kvifor hamna landet i krise?

Papandreou avviste at landsmennene er late.

- Det ville ha vore ei beleileg forklaring, men grekarane er dei EU-borgarane som arbeider flest timar. At velferdssystemet var oppblåst er også ei myte. Problema har andre, underliggjande årsaker, og er i realiteten er ei demokratisk utfordring, sa han.

Han teikna eit bilete av ein dårleg styrt stat prega av eit oligarki som kjempa for å behalda privilegium, eit komplekst byråkrati og fundamental mangel på openheit. Kopla med skattesvik i mangemilliardarsklassen, eit helsesystem prega av sløsing og andre faktorar vart resultatet ei djup økonomisk krise.

Ein sjølvsagt revolusjon

Medan han regjerte innførte Papandreou ei rekkje tiltak som skulle bryta gamle strukturar og føra til større openheit.

Mellom anna vart oversikter over offentleg pengebruk gjort elektronisk tilgjengeleg, det vart gjeve innsyn i bankkonti og sett i gang tiltak for å straffeforfølgja skattesnytarar og finna skjulte utanlandsformuar.

- I Noreg må mykje av dette læta sjølvsagt, men vi har då også referert til det som "det sjølvsagtes revolusjon," konstaterte Papandreou.

For konvensjonelle løysingar

Det som ikkje utan vidare ville la seg revolusjonera var EU og andre overnasjonale institusjonar, frå Det internasjonale pengefondet (IMF) til ratingbyrå.

- Eg har vist til behova for djuptgripande reformer og oppmoda EU-leiarane om å ta tak i dei grunnleggjande årsakene til krisa, men eg møtte motstand. Slike reformer kostar og tek tid. EU valde i staden ein konvensjonell innstrammingspolitikk og håpa at marknaden ville sjå dette som rett medisin. Men i realiteten vart alt berre verre. Finanskrisen har ført til ein marknadspsykologi der frykt avlar meir frykt, sa Papandreou.

Åtvara mot ulikskap

Eksministeren trekte fram aukande ulikskap som eit globalt kjerneproblem.

- Ein veksande del av verdas rikdom vert samla på svært få hender, og med rikdommen kjem også større konsentrasjon av makt. Politikken er i ferd med å bli kapra av kapitalinteresser, og dette skjer også i avanserte demokrati. Vi er på veg mot plutokrati (rikmannsvelde), åtvara Papandreou.

Han skulda delvis på at globaliseringa har løfta politiske avgjerdsprosessar opp på overnasjonalt nivå, med den konsekvens at mange av dei det vedkjem opplever at dei har mista høvet til innverknad.

For å få bukt med problema trengst, i følgje Papandreou, openheit og reguleringar som bidreg til å nedkjempa skadelege strukturar som skatteparadis.

- Vi må gjera globaliseringa meir menneskevenleg og gjenoppretta ei kjensle av rettferd i ei globalisert verd. Viss ikkje vil ulikskapane berre veksa, og konsentrasjonen av makt vil bli verre. Vi må unngå å dra ein trojansk hest inn i demokratiet vårt, avslutta han.

George Papandreou, Financial Secrecy, Society and Vested Interests (Foto: Eivind Senneset)
Hellas har gjort sin del gjennom drastiske kutt. No kan vi ikkje gjera meir. Grekarane treng hjelp og solidaritet, og forsikringar om at vi får bli i euro-samarbeidet, sa tidlegare statsminister George Papandreou då han heldt innlegg under konferansen Financial Secrecy, Society and Vested Interests ved NHH tysdag.
Foto: Eivind Senneset

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive