Debatterer fusjonskontroll

Beccle (Illustrasjon)

Fredag samlar Beccle og SNF norske og internasjonale forskarar og representantar for konkurransemyndigheitene til konferanse om fusjonskontroll ved NHH.

26.11.2012 - Hallvard Lyssand


- Konferansen handlar om konkurransemyndigheitene sine inngrep mot fusjonar og oppkjøp. Her vert det både ein prinsipiell diskusjon om kva tid styresmaktene skal gripa inn i høve fusjonar, og ein sesjon der det vert sett nærare på utvalde inngrep mot konkrete fusjonar, opplyser professor Lars Sørgard ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Sørgard er også tilknytt NHH og UiB sitt felles forskingssenter, Bergen Center for Competition Law and Economics (BECCLE), som arrangerer konferansen saman med SNF.

- Dette er primært ein konferanse for forskarar, men det kjem også deltakarar frå konkurransemyndigheitene, seier Sørgard.

Hovudinnleiarane på konferansen er professor Daniel L. Rubinfeld frå University of California, Berkeley. Innlegget har tittelen Challenges in merger control.

Under dei to påfølgjande sesjonane deltek Rubinfeld sin Berkeley-kollega, professor Richard J. Gilbert, professor Patrick Rey frå Université Tolouse 1 Capitole (som også er æresdoktor ved NHH), professor Frank Verboven frå KU Leuven, Associate Professor Andreea Cosnita-Langlais frå Université Paris X Ouest Nanterre, professor Richard Friberg frå Handelshögskolan i Stockholm, professorane Steinar Vagstad og Tommy Staahl Gabrielsen frå UiB og professor Tore Nilssen frå UiO med anten innlegg eller kommentarar til innlegg.

Også fagstaben ved NHH er breitt representert på programmet. Forutan nemnte Sørgard, bidreg professorane Kurt Brekke, Eirik Gaard Kristiansen, Øivind Anti Nilsen og Frode Steen.

Les meir om konferansen og sjå heile programmet på BECCLE sine nettsider

Konferanse om fusjonskontroll
Dato: Fredag 30. november
Tid: 08.30-16.30
Stad: Aud. Finn Kydland, NHH


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive