Tysk-norsk krisekonferanse

Krise (Illustrasjon)

Krisen i Europa og vegen vidare er hovudtema når forskarar, praktikarar og folk frå politikk og forvaltning i Noreg og Tyskland kjem saman til konferanse i regi av Stipendienfonds E. ON Ruhrgas, Forskingsrådet og NHH 28. og 29. mars.

23.03.2012 - Hallvard Lyssand


Den pågåande finanskrisen gjev Europa store utfordringar. Skyhøg gjeld og alvorlege likviditetsproblem driv fleire land mot konkurs, medan arbeidsløysa stig og veksten uteblir.

Så kva er kjerneproblema i den pågåande krisa? Korleis kan ein venta at situasjonen utviklar seg, og kva grep må alt frå politikarar til finansindustri ta for å hindra at krisa eskalerer ytterlegare?

Dette er utgangspunktet for E.ON Ruhrgas-konferansen 2012, som finn stad ved NHH onsdag 28. og torsdag 29. mars under tittelen The Financial Crisis in Europe - The Way Forward.

- Temaet må dessverre seiast å vera svært aktuelt, konstaterer professor, organisator og programkomitémedlem Kurt R. Brekke ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Norsk-tysk samarbeid

Konferansen er finansiert gjennom E.ON Ruhrgas sitt stipendprogram i økonomi, som er ein del av eit norsk-tysk samarbeidsprosjekt i regi av Forskingsrådet og Stiftverband für die Deutsche Wissenschaft gjennom Stipendienfonds E.ON Ruhrgas.

Sistnemnte stifting vart oppretta av det tyske energiselskapet E.ON Ruhrgas i 1984 for å fremja akademisk samarbeid og utveksling mellom Noreg og Tyskland på fagområda økonomi, juss og statsvitskap.

- Programma deler ut stipend og gjev støtte til utvekslings- og forskingsopphald ved utvalde norske og tyske utdanningsinstitusjonar. I tillegg er det mogeleg å søka om støtte til konferansar og seminar, seier professor Siri Pettersen Strandenes frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Ho sit i styringskomiteen for stipendprogrammet i økonomi saman med professorkollegaer frå dei involverte institusjonane i Noreg og Tyskland.

- Vi kjem saman ein gong i året for å vurdera stipendsøknader. Møtestaden vekslar mellom Noreg og Tyskland annakvart år, vertskapsrolla går på rundgang mellom deltakarinstitusjonane og det vert vanlegvis arrangert ein konferanse i tilknyting til komitémøta. I år er det NHH sin tur, seier Strandenes.

Kurt R. Brekke og Siri Pettersen Strandenes (Foto: Hallvard Lyssand)
Professorane Kurt R. Brekke og Siri Pettersen Strandenes frå Institutt for samfunnsøkonomi er blant arrangørane av E.ON Ruhrgas-konferansen 2012. Strandenes sit også i styringskomiteen for E.ON Ruhrgas stipendprogrammet i økonomi.

Forskarar og praktikarar

- Eit av måla til Stipendienfonds E.ON Ruhrgas er å bringa saman akademikarar og praktikarar, og det er gjenspegla i konferanseprogrammet. Talarlista er ein kombinasjon av norske og tyske forskarar, folk frå forvaltninga og representantar frå så vel finansnæringa som ein tysk tenketank, seier Brekke.

Blant bidragsytarane frå NHH er førsteamanuensis Gernot Doppelhofer (Samfunn), postdoktor Aksel Mjøs (Foretak) og professor Ola Grytten (Samfunn).

Frå dei tyske deltakarane i utvekslingssamarbeidet bidreg m.a. professor Marcel Thum frå Technische Universität Dresden og Associate Professor Jörg Rocholl frå European School of Management and Technology i Berlin.

Blant praktikarane som deltek er mellom andre Ludger Schuknecht, som er leiar for avdelinga for skattepolitikk og internasjonal finans- og pengepolitikk ved det tyske finansdepartementet. Schuknecht har også lang fartstid frå den europeiske sentralbanken, WTO og IMF.

Ein annan bidragsytar er Guntram B. Wolff frå den Brüssel-baserte tenketanken Bruegel. Han har tidlegare arbeidd for EU-kommisjonen og Deutsche Bundesbank.

Frå norsk forvaltning og næringsliv bidreg m.a. Ylva Søvik frå Noregs Bank og Harald Magnus Andreassen frå Swedbank First Securities.

Både Schuknecht, Wolff og Andreassen bidreg forøvrig også under konferansens siste programpost, ein paneldebatt om mogelegheitene for vekst og finansiell stabilitet i Europa.

I panelet får dei selskap av professor Thore Johnsen frå Institutt for foretaksøkonomi og Arent Skjæveland frå Finansdepartementet.

Debatten vert leia av finansredaktør i Dagens Næringsliv, Terje Erikstad.

Sjå heile programmet på konferansen sine nettsider

Les meir om E.ON Ruhrgas stipendprogrammet hos Forskingsrådet

E.ON Ruhrgas-konferansen 2012
The Financial Crisis in Europe - The Way Forward
Dato: 28. og 29. mars 2012
Stad: Aud. Karl Borch, NHH

E.ON Ruhrgas stipendprogram i økonomi:

Partnerinstitusjonar i Noreg:
NHH
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Handelshøyskolen BI, Oslo

Partnerinstitusjonar i Tyskland:
Humboldt Universität zu Berlin
Technische Universität Dresden
Universität Mannheim
Universität Kiel, Institut für Weltwirtschaft
Max Planck-institutter

Det er ikkje eit krav at både heimeinstitusjon og vertsinstitusjon er partnarar i E.ON Ruhrgas-programmet.

Søkjarar frå ein partnarinstitusjonane kan dermed søkja om støtte til opphald ved institusjonar utanfor programmet.

Samstundes kan søkjarar frå institusjonar utanfor samarbeidet søkja seg til ein av partnarinstitusjonane i Noreg og Tyskland.

Totalt har stipendprogrammet i økonomi tilgjengeleg ca. 1,3 mill. kroner årleg til fordeling.

I 2011 fekk åtte NHH-studentar til saman kr 580.000 i stipend frå programmet.

Les meir på forskingsrådet sine nettsider



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive