Skaut siste salve

Kårleiv Bratli, OBAS Entreprenør (Foto: Hallvard Lyssand)

Fredag formiddag fyrte entreprenørane av det som truleg var den siste salva i nybyggprosessen.

02.03.2012 - Hallvard Lyssand


Like over klokka ti fredag kom det som sannsynlegvis var det aller siste smellet i samband med bygginga av NHH sin nye fløy.

Åstaden for den siste planlagte salva var ei vass- og avlaupsgrøft som går parallelt med aulaen frå nybygget til Helleveien.

Den siste sprenginga inne på sjølve nybyggtomta skjedde 14. november i fjor.

Kårleiv Bratli frå OBAS Entreprenør har ansvaret for sprengingsarbeida.

- Totalt sett har vi skote bort om lag 25000 kubikkmeter massar, fortel han.

- Vi har hatt mange utfordringar under vegs. Blant anna har vi skote oss inn under Auditorium Dag Coward. Dessutan har vi heile tida måtta ta omsyn til kloakkreinseanlegget i fjellet under nybyggtomta, held han fram, og minnar om at krafta også går nedover når det vert skote.

- Det har ikkje vore nokon A4-jobb, men det har gått heilt utan uhell, fastslår Bratli.

- Og samarbeidet med NHH har vore svært godt i heile perioden, tilføyer OBAS-kollegaen Øystein Slemmen.

- Folk har vore svært tålmodige, og no som sprengingsarbeida er over vert det vonleg mindre støy frå anleggsområdet, fastslår entreprenørrepresentantane, med eit lite atterhald om at det potensielt kan dukka opp tilleggsarbeid som krev meir skyting.

Kårleiv Bratli, OBAS (Foto: Hallvard Lyssand)
Fredag vart siste planlagte salve i nybyggarbeidet avfyrt. Åstaden var ei grøft like ved aulaen. Kårleiv Bratli frå OBAS Entreprenør konstaterer at sprengigsarbeida har vore alt anna enn ein A4-jobb, men at det heile er fullført utan uhell.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive