HIV/AIDS-film blir distribuert til skular i Botswana

Walk the Talk

Som del av eit større forskingsprosjekt laga NHH-forskar Ingeborg Astrid Kleppe og kollegane hennar frå University of Sydney ein film om å leva ope med HIV og AIDS i Botswana. No skal den prisløna filmen Walk the Talk distribuerast til 820 skular i Botswana som eit ledd i kampen mot spreiing av sjukdomen.

28.03.2012 - Hallvard Lyssand


Førsteamanuensis Ingeborg Astrid Kleppe ved Institutt for strategi og ledelse og kollegaene professor Marylouise Caldwell og Stephen Watson frå University of Sydney Business School laga filmen Walk the Talk i samband med eit forskingsprosjekt der dei undersøker korleis HIV-positive i utviklingsland blir aktivistar og offentlege talspersonar i kampen mot spreiing av HIV og kva endringar dei involverte går gjennom i løpet av prosessen.

Filmen handlar om HIV-positive i Botswana som vel å vera opne om at dei er smitta, og bidra til å promotera livsstilen "Positive living." Sistnemnte er eit livsstilskonsept som blant anna skal bidra til å få ned smitteraten for HIV/AIDS.

Walk the Talk vart produsert med støtte frå University of Sydney Business School og Forskingsrådet. Filmen vann både "the Juror's Award" og "People's Choice Award" under Association for Consumer Research(ACR) sin årlege konferanse og filmfestival i 2010.

Blir undervisingsfilm

Etter fleire års arbeid har filmskaparane, i samarbeid med lokale partnarar, lukkast med å få ein avtale med utdanningsdepartementet i Botswana som sikrar at Walk the Talk vil bli distribuert til 820 av landets grunnskular, vidaregåande skular og utdanningssenter.

- Målet med filmen har heile tida vore å laga ein film som kunne brukast i utdanningssamanheng i Botswana og andre stader. Som forskarar ønskjer vi å vera dela av prosjektet vi undersøker, altså HIV/AIDS-aktivistar sitt arbeid "på bakken." Vi ønskjer å gje noko tilbake til både respondentane, aktivistane og andre som hjelpte oss med å skaffa materiale til filmen, forklarar Kleppe og Caldwell i ein e-post.

- Det er ikkje lett å få eit breitt publikum til ein slik film i eit utviklingsland sidan det krev infrastruktur og logistikk som vanlegvis ikkje finst. At filmen vert del av eit utdanningsprogram tyder at han vil bli sett av den aller viktigaste målgruppa - unge menneske i Botswana, legg dei til.

Identifikasjon

Kleppe og Caldwell understrekar at det er veldig viktig for folk å sjå folk som dei sjølve som har valt å vera opne om HIV/AIDS-statusen sin.

- Hugs at HIV/AIDS er ein sjukdom som bringer med seg både stigma og skam. Å vera HIV-positiv tyder at du mister vener, sosial status og arbeid. Å sjå folk som ein kan identifisera seg med som står fram som døme på "Positive living," kan derfor inspirera på ein måte som ingen nasjonal eller internasjonal haldningskampanje kan klara. "Positive living" er ein livsstil som inkluderer tidleg testing for HIV/AIDS, å ta rette medisinar, å vera trufast, å bruka kondom eller å avstå frå sex. Det kan vera ein vanskeleg livsstil å tileigna seg, men det er den einaste måten om ein vil avgrensa smittespreiing. Deltakarane i filmen framfører denne bodskapen med kraft og medkjensle, sidan dei kjenner alle sider ved sjukdommen, forklarar dei.

Informasjonspakke

Filmen vil bli distribuert saman med ein informasjonspakke med detaljar om intendert læringsutbyte. Måla er å motivera risikogrupper til å få testa seg for HIV/AIDS, og å oppmoda slektningar og vener til å gjera det same.

Om dei skulle syna seg å vera HIV-positive må dei akseptera statusen og innretta livet sitt deretter. Vidare bør alle bidra til å sloss mot stigmaet og diskrimineringa som følgjer med HIV-diagnosen. Alle bør dessutan vera i stand til å diskutera spørsmål knytt til HIV/AIDS og andre seksuelt overførbare sjukdommar, og å forstå at HIV/AIDS også smittar ved ubeskytta seksuell omgang mellom heteroseksuelle.

Før filmen vert breitt distribuert skal han testvisast i eitt distrikt for å undersøka kva positive og negative reaksjonar ein får og for å luka ut eventuelle punkt som skaper misforståingar.

Walk the Talk vart produsert med støtte frå University of Sydney Business School og Forskingsrådet. Filmen vann både "the Juror's Award" og "People's Choice Award" under Association for Consumer Research(ACR) sin årlege konferanse og filmfestival i 2010.

Sjå Walk the Talk her

Les meir i tidlegare sak frå Paraplyen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive