Deltek i Earth Hour for fjerde gong

Earth Hour

Laurdag 31. mars frå klokka 20.30 til 21.30 vert alle lys sløkt ved NHH i samband med klimakampanjen Earth Hour.

30.03.2012 - Hallvard Lyssand


Earth Hour er ein verdsomspennande aksjon i regi av WWF der målet er å senda avgjerdstakarar ein symbolsk bodskap om at menneske verda over engasjerer seg for miljøet og er viljuge til å stå saman mot klimaendringane.

Middelet er å sløkkja lyset i ein time laurdag 31. mars frå 20.30 til 21.30.

Men å sløkkja lyste i ein times tid er naturleg nok ikkje tilstrekkjeleg i den store samanhengen. Sjølve aksjonen er berre meint å markera starten for ein klimadugnad under mottoet "I will if you will."

Tanken er at deltakarane skal utfordra kvarandre til å gjera noko for klimaet.

I 2011 deltok ein milliard menneske i kampanjen på verdsbasis, ifølgje WWF.

I Noreg deltok 181 kommunar og fleire hundre bedrifter, organisasjonar og verksemder, samt om lag to millionar menneske over 15 år.

NHH deltek i år for fjerde gong. Som tidlegare vert alle som er på NHH i aksjonsperioden oppmoda om å respektera aksjonen og bidra i størst mogleg grad ved å sløkkja lyset.

Les meir på earthhour.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive