Feira Karl Rolf Pedersen

Karl Rolf Pedersen (Foto: Hallvard Lyssand)

Fredag 4. mai fylte førsteamanuensis Karl Rolf Pedersen 60 år og vart heidra med eit seminar. Gratulantane trekte fram både forskingspioneren og læremeisteren.

07.05.2012 - Hallvard Lyssand


Jubilanten kom til NHH som student tidleg på 1970-talet og har i all hovudsak vore ved høgskulen sidan.

I dei seinare år har Pedersen m.a. arbeidd med oppdragsforsking innan nytte-kostnadsanalysar og metodikk for kostnadsprognosar for offentleg verksemd.

Blant dei meir profilerte prosjekta han har delteke i er kvalitetssikringa av søknaden om statsgaranti for eit eventuelt vinter-OL i Tromsø.

- Det er ikkje berre Kalle si skuld at det ikkje vart OL i Tromsø, men han gjorde ein stor innsats med reknestykket ved det høvet, konstaterte professor Rolf Jens Brunstad då han ønskte velkomen til seminaret på vegner av institutt for samfunnsøkonomi.

Karl Rolf Pedersen (Foto: Hallvard Lyssand)
60-årsjubilant Karl Rolf Pedersen har levert sentrale bidrag innan m.a. bistandsforsking og nytte-kostnadsanalyse. Jubilanten fekk m.a. opplest helsingar frå kollegaer som professor Kalle Moene, og fekk bursdagssongen avsunge i opptak av eit kor frå Berkeley sett saman for høvet av professor Kjetil Bjorvatn.

Viktig lærdom

Instituttkollega, professor Bertil Tungodden trekte fram Pedersen sin innsats som lærar og inspirator, eksemplifisert ved kurset Development Economics på Høyere avdelings studium (HAS) i 1990.

- Du var ein av mine viktigaste læremeistrar, og forma mine og andre sine tankar. Du representerte noko eg forstod var viktig, samstundes som du tok studentane veldig på alvor, sa Tungodden, og konstaterte at alle som tok det nemnte kurset det året, seinare tok doktorgrad.

Tungodden presenterte ei liste av lekser han lærte frå Pedersen:

  • Følg hjernen, ikkje (berre) hjarta.
    Tenk som ein økonom og bruk modellane og verktøya faget gjev.
    Ta utgangspunkt i det store biletet - til dømes "kvifor er nokon land rike og nokon fattige?"
    Sjå opp for den empiriske feilslutning - å ha vore i Afrika og ha sett noko med eigne augo tyder ikkje at ein har funne dei rette svara i bistandsforsking.
    Forsking er viktig i seg sjølv.
    Ta studentane på alvor.

Bertil Tungodden (Foto: Hallvard Lyssand)
Aldri korkje før eller sidan har eg fått ein så grundig gjennomgong av ein modell som vi fekk av deg. Eg har berre ein kritisk merknad: Når ein nyttar sju av 16 førelesingar på å gå gjennom ein einaste modell, så bør den modellen bli tema på eksamen, sa Bertil Tungodden.

Skapte debatt

Førsteamanuensis Rune Jansen Hagen frå Institutt for økonomi ved UiB var også blant studentane til Pedersen på Development Economics -kurset i 1990.

Han presenterte Pedersen sine banebrytande bidrag innan bistandsforsking. Hagen påpeikte at Pedersen var tidleg ute med kritikk av norsk bistand, noko som skapte stor debatt.

- Det var lenge store forhåpningar om at u-hjelp skulle bidra til å utjamna forskjellar. No er dei aller fleste samde om at resultata har vore skuffande, og Pedersen var blant dei aller første som peikte på at insentiva i mottakarlanda kunne vera feil, fastslo Hagen.

Ifølgje Hagen burde særleg dei som driv empirisk forsking på bistand setja seg langt betre inn i Karl Rolf Pedersen sine teoretiske arbeid på feltet.

Rune Jansen Hagen (Foto: Hallvard Lyssand)
Rune Jansen Hagen kunne m.a. konstatera at Karl Rolf Pedersen faktisk må vera nokså nøyaktig jamgamal med norsk u-hjelp.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive