Eit 'møst' for karrieren

Lars Leegaard Marøy (foto: Helge Skodvin)

Dagleg leiar i Fuzz AS, Lars Leegaard Marøy, var ei stund vikla inn i internasjonal storpolitikk på grunn av eit sjøkrigsstrategispel Fuzz hadde investert i. På heimefronten har det vore MØST-studium i to år. In English

25.06.2012 - Sigrid Folkestad


Mens Lars L. Marøy og resten av gruppa hans på executive MBA i økonomisk styring og leiing las faglitteratur og skreiv oppgåve, rasa den russiske utanriksministeren på grunn av eit sjøkrigsspel som Marøy og investeringsselskapet Fuzz hadde støtta.

Krig til sjøs

For to år sidan gjekk Fuzz inn med investeringar i spelet Naval War Arctic Circle, som er utvikla av det bergensbaserte selskapet Turbo Tapes Games. Det statlege norske filminstituttet gav òg økonomisk støtte til spelet, og då den russiske utanriksministeren oppdaga det, tolka han det slik at Noreg støtta eit spel der Russland var fienden. Han skal ha fortalt Jonas Gahr Støre at Noreg burde trekkje tilbake tilskotet.

- Utviklarane hadde opphavleg eit samarbeid med Sjøforsvaret, men det forholdet fekk seg eit skot for baugen på grunn av den utanrikspolitiske konflikten. Så det kunne ikkje komme gjester frå Haakonsvern då spelet skulle lanserast, i alle fall ikkje i uniform, har eg fått høyre, seier Lars L. Marøy.

Erfaringane med spelfolka har gitt nyttig erfaring, meiner MØST-studenten.

- Norske filmprodusentar tenkjer at «vi lagar ein film for den norske marknaden, utlandet er rein bonus». Spelutviklarane tenkjer at «vi lagar eit spel for verda - Noreg har ikkje så mykje å seie for oss». Vi har lært mykje av spelfolka som vi kan bruke til nye filmprosjekt.

For eitt år sidan

Då NHH Bulletin snakka med gruppa på MØST i fjor, jobba dei med ein hypotese om at private kinoar tener meir pengar (enn dei offentlege) fordi dei viser fleire kommersielle filmar, og fordi dei er større og kan dra nytte av stordriftsfordelar. Marøy, Anette Tveiterås Hjeltnes frå Ulvik og Christiane E. Skage frå Flekkefjord fann etter kvart ut at det ikkje stemmer.

- Filmtilbodet på dei private kinoane er ikkje veldig forskjellig frå det offentlege. Poenget er at nokre få filmar, topp 20-40-filmane, står for ein utruleg stor del av omsetninga, og dei blir viste overalt. Om ein kino viser ein liten, rumensk film i tillegg, påverkar ikkje det lønnsemda i nemneverdig grad.

Den viktigaste forskjellen, fann gruppa, er at private kinoar klarer seg med lågare lønns- og pensjonskostnader enn dei kommunale.

- Det viste seg at dei private kinoane driv meir lønnsamt i hovudsak fordi dei har færre tilsette og meir bruk av studentar og anna rimeleg arbeidskraft. Vidare slepp dei private kinoane unna kommunale tariffavtalar om pensjon og lønnstillegg når filmane blir viste etter ordinær arbeidstid, som jo er vanleg.

Toppkarakter

Oppgåva, som fekk toppkarakteren A, er klausulert, og studentane kan ikkje gå ut med detaljar og bedriftsintern informasjon. På spørsmål om gruppa meiner at dei private kinoane er meir veldrivne, svarer Marøy:

- Kva er oppgåva til kinoen? Å vise film eller levere overskot til eigarar, kommune eller private. Same kva ein meiner om det, synest vi at drifta bør skje på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte. Sjølv om oppgåva vår viser at dei private kinoane tener meir enn dei offentlege, er vi ikkje blitt privatiseringstilhengjarar av den grunn. Men vi tenkjer at dei kommunale kinoane kan gjere mykje for å drive meir lønnsamt, og at forskjellen mellom dei kommunale og dei private ikkje treng å vere så stor.

- Kunne du ha gjort slike analysar før MØST?

- Eg hadde ikkje hatt ein sjanse. For det første var det mykje rekneskapsanalyse i oppgåva. Vi har sett på korleis kinoane blir drivne, vi har identifisert verdi- og kostnadsdrivarar, analysert vilkår for lønn og pensjon, eigarstrukturar og finansinntekter og sett på kryssal med kiosk og modellar for prissetjing.

Fordelen med MØST, meiner Marøy, er at studiet gir ei heilskapleg tilnærming til økonomifaget.

- Læringskurva, som begynte så bratt for snart to år sidan, er framleis like bratt.

- Til kva pris?

- Det har vore svært mykje å gjere, særleg i samband med samlingane, eksamenane og oppgåvene. Eg kunne nok ha gjort det ein gong til, men ikkje med den same kona, ler Marøy.

- Kva har studia å seie for jobben?

- MØST har styrkt meg som leiar, og eg tør påstå at vi alt merkar det på dei økonomiske resultata i Fuzz. Samtidig opnar ein MBA frå Handelshøgskolen nye jobbdører i framtida. Det har heilt klart vore ein ekstra motivasjon for min del.

Lars Leegaard Marøy
Lars L. Marøy på Fuzz sitt kontor på Verftet i Bergen.
Foto: Helge Skodvin

Artikkelen er henta frå NHH nummer 2-2012, som vert distribuert i desse dagar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive