Dobbel takk for innsatsen

Anna-Mette Fuglseth, Jan I. Haaland, Iver Bragelien (Foto: Hallvard Lyssand)

Anna-Mette Fuglseth og Iver Bragelien har begge relativt nyleg avslutta periodar med tunge leiarverv både på og utanfor NHH. Sist veke fekk dei offisiell takk for innsatsen frå rektoratet.

08.02.2012 - Hallvard Lyssand


Professor Anna-Mette Fuglseth frå Institutt for strategi og ledelse var dekan for doktorgradsutdanninga ved NHH frå hausten 2005 til hausten 2011.

I tillegg har ho vore leiar for Norsk forskerskole i bedriftsøkonomi (NFB) sidan starten i 2008.

Førsteamanuensis Iver Bragelien frå Institutt for foretaksøkonomi var dekan for NHH si masterutdanning frå 2005 til 2011.

Parallelt var han leiar av Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) i dei siste fire åra.

Sist veke fekk Fuglseth og Bragelien ei offisiell takk for innsatsen i form av gåver og rosande ord under ein lunsj med eit samla rektorat.

Rektor Jan I. Haaland sa seg strålande nøgd med eksdekanane sin innsats for å bygga opp studia ved NHH.

- Masterutdanninga er sjølve flaggskipet vårt, og PhD-programmet er heilt sentralt for å vidareutvikla vår posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Derfor må vi ha toppfolk i desse posisjonane, sa Haaland.

Han takka samstundes Bragelien for arbeidet på nasjonalt plan gjennom leiarvervet i NRØA - eit verv han var første NHH-ar som hadde - medan Fuglseth fekk takk for bidraget til å bygga opp forskarskulen frå grunnen.

Professor Anna-Mette Fuglseth og rektor Jan I. Haaland (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Anna-Mette Fuglseth har vore dekan for doktorgradsutdanninga ved NHH mellom 2005 og 2011 og leia oppbygginga av Norsk forskerskole i bedriftsøkonomi frå 2008 til 2011.
Jan I. Haaland og Iver Bragelien (Foto: Hallvard Lyssand)
Førsteamanuensis Iver Bragelien (t.h.) har vore dekan for masterutdanninga i perioden 2005 til 2011 og vore leiar i NRØA dei siste fire åra.
Kvit2
NFB

Norsk forskerskole i bedriftsøkonomi (NFB) er eit samarbeidsprosjekt mellom 15 institusjonar med mål om å styrka kvaliteten på doktorgradsutdanninga og å stimulera til forsking.

NHH er vertskap for forskarskulen, og dekanen for doktorgradsutdanninga er leiar.

Les meir om forskarskulen


NRØA

Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) er eit av fire nasjonale råd under Universitets- og høgskolerådet.

NRØA er sektorovergripande og har som oppgåve å samordna og styrka høgre utdanning og forsking innanfor økonomisk-administrativ utdanning.

I rådet sit representantar frå alle statlige utdanningsinstitusjonar som gir utdanning innanfor fagområdet, dvs. 20 statlige høgskuler, Noregs Handelshøgskole og dei seks universiteta.

I tillegg består NRØA av studentrepresentantar, eksterne representantar og observatørar, til saman 40 personar. Rådet kjem saman tre gonger i året.

Les meir om NRØA



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive