Britisk kolonialisme i sør

Johannes Nymark (Foto: Hallvard Lyssand)

Eigarskapet til Falklandsøyane må avklarast før naturressursane der kan takast i bruk, skriv Johannes Nymark i ein kronikk i Klassekampen 2. februar.

09.02.2012 - Johannes Nymark


«Dei som har fast sete i Tryggingsrådet, kan krenkja FN sine resolusjonar ein og tusen gonger, medan andre land er tvinga til å oppfylla dei, og gjer dei ikkje det, blir dei erklærte for å vera fiendar eller det som er endå verre.» Dette sa Argentinas president Cristina Fernández de Kirchner då ho tala til dei 32 landa som i februar 2010 deltok på toppmøtet for Latin-Amerika og Karibia i Quintana Roo i Mexico.

Med dei siterte orda sikta Kirchner til den årelange konflikten mellom Argentina og Storbritannia om Falklandsøyane, eller Malvinas, som det heiter på spansk. Både generalforsamlinga og avkoloniseringskomiteen i FN har fleire gonger komme med krav om at det blir starta dialog mellom dei to statane om suvereniteten over øyane, noko britane kvar gong har nekta å gå med på.

Britane ønskjer at ein i forhandlingane skal ta med representantar for dei 3140 kelpers - innbyggjarane på Falklandsøyane - eit ønske argentinarane ikkje kan gå med på. Regjeringa i Buenos Aires argumenterer med at kelpers på kunstig vis er omplanta til øyane av dei britiske kolonistane.

I kvar ein argentinsk by med respekt for seg sjølv finst det ei gate som lyder namnet «calle de las Malvinas Argentinas» (argentinske Malvinas-gata), og heilt frå 1833, året då Storbritannia tok herredøme over øyane, har argentinske regjeringar freista vinna tilbake denne kalde øygruppa sør i Atlanterhavet, som ligg søraust for Argentina og 12.700 km frå London. I tiår etter tiår prøvde Argentina å få til ei fredeleg løysing via diplomatiet. Men under det seinaste brutale militærdiktaturet (1976-1983) bestemte Leopoldo Galtieri seg for å invadera Malvinas.

2. april i år er det på dagen 30 år sidan denne krigen starta. Argentina fekk støtte frå eit samla Latin-Amerika, med unnatak av Chile. Den chilenske diktatoren den gongen, Augusto Pinochet, tillét Storbritannia å nytta chilensk territorium for britiske fly på veg til krigsområdet og gav såleis eit bidrag til den britiske sigeren den gongen. Krigen varte i to og ein halv månad og førte til 649 falne på argentinsk side, 258 på britisk.

Internt i Argentina mobiliserer Malvinas på tvers av alt som finst av politiske, ideologiske, økonomiske og sosiale skiljeliner. I 1982 var det, paradoksalt nok, ein brutal militærjunta som søkte - og fekk - det argentinske folket si støtte i kampen for suverenitet over denne øygruppa på meir enn 200 øyar. Tapet den gongen førte til eit argentinsk traume, som fekk sin symbolske revansje då Argentina slo England 2-1 under fotball-VM i Mexico i 1986 og sidan like godt gjekk hen og blei verdsmeister.

Viktigare var det at dei militære med krigen på Falklandsøyane, grov si eiga grav. Dei synte for all verda, og spesielt for det argentinske folket, at dei var ute av stand til å verna landet mot ytre fiendar, opptekne som dei var med å slå ned dei indre fiendane, som slett ikkje berre var gerilja og kommunistar, slik militærjuntaen sjølv ville ha det til.

Malvinas/Falkland er i våre dagar interessante av fleire grunnar. Det tradisjonelle livsgrunnlaget for innbyggjarane på Falklandsøyane var sauehald og til dels fiske. Som ein illustrasjon kan det nemnast at flagget til øyane består av ein sau, ein båt og det britiske flagget.

I våre dagar er fisket blitt stadig viktigare som inntektskjelde, og i 1987 tok britiske styresmakter til med å selja fiskeløyve til utanlandske selskap. Reker utgjer 75 prosent av samla fiske, og førekomstane av kril har gjort områda rundt
øyane spesielt attraktive. På 1990-talet opplyste British Geological Service at ein hadde gjort lovande oljefunn i havområda rundt Falklandsøyane. Det er meldt at ein reknar med å kunna produsera 500.000 fat olje per dag.

Alt dette gjer at den gamle konflikten rundt avkolonisering av Malvinas har fått økonomiske overtonar, og allereie på det omtala toppmøtet i Mexico i februar 2010 presenterte Argentina spørsmålet om suverenitet på øygruppa som eit forvarsel om dei disputtane som vil prega Latin-Amerika i framtida: kampen om naturressursane.

Dei seinaste åra er det blåst nytt liv i den britisk-argentinske striden om øygruppa sør i Atlanterhavet. Først var det britiske militærøvingar i området som uroa, øvingar som mellom anna omfatta oppskyting av rakettar. Medan det britiske
utanriksdepartementet i London insisterte på at det dreia seg om rutineøvingar som med jamne mellomrom - kvart halvår, seier britane sjølve − har funne stad sidan Falklandskrigen i 1982, set argentinske styresmakter dei militære aktivitetane inn i ein kontekst med einsidig opptrapping av konfliktnivået frå britisk side. I ei formell klage til generalsekretær Ban Ki Moon har den argentinske regjeringa ført i marka at «FN i resolusjon 41/39 har bede dei to partane om
å avstå frå einsidige aksjonar på øyterritoriet, som det står strid om, så lenge det ikkje er komme i gang forhandlingar om suverenitet mellom dei to partane.»

Det er blitt hevda at ein ny konflikt på Malvinas/Falkland kom i grevens tid for president Cristina Fernández de Kirchner, som har slite med inflasjon og økonomisk krise og dessutan har vore inne i ein alvorleg konflikt med den historisk sett viktigaste næringa i Argentina, landbruket. Men presidenten har fått mykje sympati frå dei delane av folketsom har note godt av Kirchner sine sosiale program til mellom anna husvære og skulegang.

Ho er likevel under permanent politisk krysseld frå dei politiske meiningsmotstandarane på høgresida, som ser at deira økonomiske interesser er truga. Difor får ho då òg solid støtte frå dei fattigaste delane av det argentinske folket og av menneskerettsaktivistar. Desse sistnemnde er spesielt oppmuntra av at ho følgjer mannen, Néstor Kirchner, si line om å stilla dei ansvarlege for menneskerettsbrot til rette for ugjerningane sine.

At Kirchner skulle ha provosert fram konflikten rundt Malvinas/Falkland, er feil å hevda. Ein argentinsk president som ikkje fremjar kravet om suverenitet over Malvinas, er ein politisk død president. Og denne gongen oppstod konflikten på
grunn av planane til det britiske selskapet Desire Petroleum om å setja i gang oljeutvinning i havområda nord for Falklandsøyane i starten av 2010.

Den argentinske reaksjonen kom prompte: president Kirchner utferda eit dekret om at alle skip og fartøy som skulle reisa «mellom hamner på argentinsk fastlandsterritorium og hamner på Malvinas eller Sandwich del Sur … må søkja om løyve på førehand frå den argentinske regjeringa.»

I september 2010 synte Uruguay i praksis solidaritet med Argentina då landet nekta eit britisk krigsskip å gå til hamn i Montevideo. No er det endå viktigare med den latinamerikanske solidariteten all den tid det ser ut til at britane er i ferd med å byggja ei hamn som er spesialkonstruert for oljeutvinning og - eksport på Falklandsøyane. Den diplomatiske strategien til Kirchner går mellom anna ut på å overtyda andre søramerikanske land til å stengja hamnene sine for båtar med flagg frå Falklandsøyane. Spesiell uro vekkjer det i den britiske regjeringa at dei landa som ligg nærast, Uruguay, Brasil og Chile, ser ut til å følgja oppmodinga frå Argentina. Den argentinske regjeringa ser med undring på at den britiske statsministeren David Cameron har kalla saman sitt nasjonale tryggingsråd, sett saman av militære sjefar og ministrar, for å forsikra seg om at forsvaret av Falklandsøyane er i god stand. Kan henda er det Cameron som treng ein ny Falklandskrig for å få merksemda bort frå økonomiske og politiske problem, slik Margaret Thatcher trong det i 1982?

Malvinas-/Falklandskonflikten er godt eigna til å kalla fram kjensler om latinamerikansk einskap. Landa som utgjer Latin-Amerika og Karibia, disponerer over store mengder strategiske naturressursar - fornybare så vel som ikkje fornybare - slik som olje, gass, ferskvatn, jern, sink, koppar og biodrivstoff. I ein slik kontekst kjenner heile Latin-Amerika og Karibia seg att som byte for griske stormakter. Difor vil dei gjera det dei kan for å støtta den latinamerikanske integrasjonen, og difor vil dei òg stilla seg bak Argentina sitt krav om suverenitet over Malvinas med tilliggjande havområde.

Det britiske utanriksdepartementet har uttrykt otte for at Argentina vil gå til krig på grunn av den betente Falklandskonflikten. Lite tyder på at det finst politisk grunnlag for ein slik frykt. Heilt sidan konfliktane i Mellom-Amerika på 1980-talet og mellom Peru og Ecuador på midten av 1990-talet, har dei latinamerikanske toppmøta sikta inn sine strategiar på å finna fredelege løysingar på konfliktar.

Og Argentina er i dag oppteken av å nytta dei væpna styrkane sine i fredsoppdrag i FN-regi, slik dei har gjort det på Haiti og på Kypros. «Vi har ikkje vore med korkje i Afghanistan eller i Irak», svarte Kirchner då ho ein gong fekk spørsmål om det var fare for at Argentina ville gå til krig. Ser vi bort frå fotballandslaget, er det inga einskildsak som sameiner det argentinske folket i den grad som kravet om suverenitet over Malvinas. Når FN sin avkoloniseringskomité ber Argentina visa tålmod og minner om at Storbritannia ikkje kan forlata øyane frå ein dag til ein annan, svarer president Kirchner at problemet er tryggleiksrådet i FN, som skrik etter demokratisering.

Og då er vi attende til dei orda vi siterte frå Kirchner heilt i starten og som ho utdjupa i ein tale til FN si generalforsamling: «Ei demokratisering av FN tvingar seg fram. Vi kan ikkje lenger tillata at fem land, mellom dei Storbritannia, legg ned veto mot det som resten av det internasjonale samfunnet vedtek.» I meir uformelle samanhengar har president Kirchner ganske enkelt kalla britane for «piratas for ever». At FN er mogen for å endra ein modell som var tenkt for ei todelt verd under den kalde krigen, er det etter kvart mange som skjønar og som ivrar for. Men mange ser ut til å gløyma at kolonialismens tidsalder også for lengst er forbi, og at tilmed Storbritannia no bør kasta han på historias skraphaug.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive