Får råd frå toppfolk

Stine Bosse og Jorma Ollila (Pressefoto)

NHH har etablert eit nytt Advisory Board - Råd for samarbeid med arbeidslivet. Jorma Ollila, Stine Bosse, Idar Kreutzer og Erik Mamelund er blant dei ti toppfolka frå norsk og internasjonalt næringsliv og akademia som skal gje høgskulen råd i arbeidet med å nå sine ambisiøse mål.

06.12.2012 - Hallvard Lyssand


NHH har mål om å bli blant Europas leiande handelshøgskular innan ti år. Ambisjonane er uttrykte gjennom handlingsprogrammet NHH 2021, som vart lansert i samband med høgskulen sitt 75-årsjubileum i 2011, og som vil vera med å legge premissa for NHH sitt framtidige strategiarbeid.

No er det sett saman eit internasjonalt råd etter mønster frå "advisory boards" ved utanlandske handelshøgskular. Medlemene skal bidra med eksterne perspektiv på høgskulen sine utdannings-, forskings- og formidlingsaktivitetar og gje råd i samband med høgskulen sitt strategiarbeid.

- Initiativet til å opprette eit Råd for samarbeid med arbeidslivet, eller RSA, kom opphavleg frå Kunnskapsdepartementet, men institusjonane fekk relativt stor fridom til å setja saman eigne råd ut frå institusjonens eigne ambisjonar og føresetnader. Det er såleis NHH sitt styre som har utforma mandatet til rådet, seier rektor Jan I. Haaland.

Rådet vert utnemnt for fire år av gongen og skal ha inntil ti medlemmar frå leiarsjiktet i internasjonal akademia, og norsk og internasjonalt næringsliv. I tillegg kjem to studentrepresentantar utnemnt av NHHS. Rektor og administrerande direktør representerer høgskulen i rådet.

Medlemmane skal etter planen møtast ein til to gongar i året, og det første møtet i rådet vil finne stad i første kvartal 2013. Rådet er samansett på følgjande vis:

Representantar frå internasjonalt næringsliv:

Stine Bosse, Styreleiar og -medlem i ei rekkje internasjonale selskap
Richard Milne, Nordic and Baltic Correspondent, Financial Times
Jorma Ollila, Styreleiar, Royal Dutch Shell Plc.

Representantar frå internasjonal akademia:

Jean-Paul Larçon, professor, HEC Paris og æresdoktor ved NHH
Kulwant Singh, professor, National University Singapore

Representantar frå norsk næringsliv:

Cecilie Blydt Heuch, Chief HR Officer, Det norske Veritas
Idar Kreutzer, Administrerande direktør, Finansnæringens Fellesorganisasjon
Erik Mamelund, Administrerande direktør Ernst & Young Noreg og Norden
Siren Sundland, Direktør for Kommunikasjon og samfunnsansvar, Sparebanken Vest
Gunvor Ulstein, Konsernsjef, Ulstein Group

- Vi er svært nøgde med samansetjinga av rådet og er takksame for at medlemene ønskjer å bidra til utviklinga av NHH. Dei har alle brei røynsle og mykje kunnskap om internasjonalt nærings- og samfunnsliv, og vi er visse på at dei vil gje viktige innspel, seier Haaland.

Han påpeikar samstundes at dei norske rådsmedlemene sikrar spesialkompetanse om norske tilhøve og om rammevilkåra for internasjonalt retta verksemd i Noreg.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive