Naving er årets nyord

NAV (Arkivillustrasjon: Willy Skramstad)

- Eit kreativt nyord med ungdommeleg opphav, konkluderer Språkrådet og NHH-professor Gisle Andersen, som står bak kåringa.

05.12.2012 - Hallvard Lyssand


Kåringa av årets ord er i år eit samarbeid mellom Språkrådet og språkforskar Gisle Andersen ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH.

Ved hjelp av dataverktøy vert det skilt ut nyord frå ei elektronisk tekstsamling bygd opp av artiklar frå alle dei store dagsavisene i Noreg. Nokre av dei nye orda finn plass i språket, andre vert borte att like fort som dei dukka opp.

Årets ord - å nave/naving dukka opp i samband med ordskiftet om skuleungdom som tek seg eit år fri og dekkjer det med stønad frå Nav.

"I årets debatt om haldningar til velferdsordningane våre spelte dette nyordet ei viktig rolle. Ikkje berre vert naving nytta blant ungdomar, men også i nyheitsartiklar, kronikkar og endåtil i spørjetimen i Stortinget," heiter det i ei pressemelding frå dei kåringsansvarlege.

"Ordet dukka opp i skriftleg medium truleg som eit nyheitsinnslag i mars. I motsetnad til mange nyord frå fagfolk og journalistar er årets ord ei ungdomsspråkleg nydanning. Utgangspunktet er òg uvanleg. Det er etatsnamnet Nav som altså har vorte til verbet å nave og substantivet naving," heiter det vidare.

Blant andre ord som er inne på topp ti-lista er fleire med økonomisk tilsnitt. Finansuro i Europa har løfta ordet bankunion opp og fram til ein tredjeplass på lista over årets ord.

Debattar om høge leiarløningar er representert gjennom ordet monsterløn, medan krisen i Hellas er representert gjennom eit lån frå engelsk, gresk og exit vert kobinert til grexit.

Årets ord 2012

1. Nave (naving)

2.Grovkarbo
Endå eit diettord. Grovkarbo dreier seg om inntak av grove kornprodukt i tillegg til grønsaker og frukt.

3. Bankunion

4. Strøymeteneste/strømmetjeneste

5. Smartskule/smartskole
Frå debatt om norske skular i den digitale utviklinga.

6. Monsterløn/monsterlønn

7. Halehelt
Frå flyselskapet Norwegians kampanje er folk kunne røyste på kven som skulle avbildast på flyhalane til flyselskapet.

8. Grexit

9. Glanekø
Om skodelystne bilistar som bremsar opp ved ulykker eller andre hendingar langs vegen.

10. Karbonsko
Ei teknologisk nyvinning i langrennsverda.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive