Prisar til foretaks-professorar

Mikael Rönnqvist og Kurt Jörnsten (Arkivfoto)

Artiklar av professorane Mikael Rönnqvist og Kurt Jörnsten ved Institutt for foretaksøkonomi vann prisar i samband med organisasjonen EURO sin årlege konferanse om operasjonsanalyse.

23.08.2012 - Hallvard Lyssand


The Association of European Operational Research Societies (EURO) arbeider for å fremja forsking innan operasjonsanalyse i Europa.

Ein av organisasjonen sine metodar for å nå dette målet er å dela ut prisar til framifrå forskingsarbeid på feltet.

Blant dei som vann prisar under EURO-konferansen i Vilnius i byrjinga av juli var to NHH-professorar.

Praktisk pris

Mikael Rönnqvist var blant vinnarane i to kategoriar.

Saman med Patrik Flisberg og Mikael Frisk vann han EURO Excellence in Practice for logistikkplanleggingssystemet DSS FlowOpt.

- Dette er den mest prestisjefylte prisen. Her kan ein senda inn eit einskild bidrag. Kravet er at det skal dreia seg om ein metode eller modell som er implementert i ei verksemd og har bidrege til innsparing eller effektivisering, forklarar Rönnqvist.

- Av 55 innsende bidrag vart seks valde ut til å bli presenterte på konferansen. Og etter presentasjonen vart altså vårt bidrag valt ut som vinnar, held han fram.

DSS FlowOpt er eit såkalla avgjerdsstøttesystem (Decision Support System/DSS) som Rönnqvist og kollegaene har utvikla i samarbeid med svenske Skogforsk og den svenske skogsindustrien. Målet er å optimalisera logistikken i bransjen. Systemet er prøvd ut med hell i ei rekkje selskap og i ei rekkje ulike samanhengar i ein tiårsperiode.

Overrasking

Saman med NHH-kollega Kurt Jörnsten, samt Mikael Frisk og Maud Göthe-Lundgren, fekk Rönnqvist dessutan prisen "Best EJOR Application Paper" for artikkelen Cost allocation i collaborative forest transportation (EJOR: European Journal of Operational Research).

- Denne prisen kom som ei overrasking. Dette var ein av tre nye prisar i 2012, og her sender ein ikkje inn bidrag. I staden gå ein jury gjennom alle artiklar publisert i EJOR og kårar vinnarar i kvar kategori ut frå kvalitet, tal på siteringar, påverknad og forskingsanvending, forklarar Rönnqvist.

Det nemnde forskingsarbeidet vart også prisløna på eit langt tidlegare stadium.

I 2007 vann dei EURO Management Science Strategic Innovation Award.

- Den gongen konkurrerte vi med ei rekkje andre innsende bidrag om kva som var den største strategiske innovasjonen innanfor Management Science. Vårt vinnarbidrag den gongen var basert på ein upublisert artikkel. Seinare vart artikkelen publisert i EJOR, og i år vart han altså kåra til beste praktiske artikkel. Det er jo på sett og vis dobbel gevinst, konstaterer Rönnqvist.

- Metodikken i artikkeln er også implementert i FlowOpt saman med ei rekkje andre metodar og modellar, legg han til.

Les meir i artikkel frå Paraplyen i 2007

- Kva tyder denne typen prisar for dykk som forskarar?

- Det er ei erkjenning av at det som vert utvikla innan forsking også får stor praktisk innverknad. Ein kan seia at forskingssirkelen er slutta når noko vert teke i praktisk bruk. Som akademikar er det dessutan sjølvsagt meritterande å vinna prestisjefylte prisar, sluttar Mikael Rönnqvist.

Les meir om Euro her


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive