Nye bommar krev nye vanar

Ny bom (Foto: Hallvard Lyssand)

Parkeringsplassen på NHH har fått nye bommar, og no kan det straffa seg å prøva å snika seg inn som bil nummer to eller å koma seg inn med tilhengjar.

27.08.2012 - Hallvard Lyssand


Tidlegare kunne ein la føraren i bilen framfor trekka kortet for så å snika seg inn på "tilhengjarkvoten" medan bommen var oppe.

Men teknisk avdeling opplyser at dette ikkje lenger er mogeleg, då dei nye bommane kjem ned langt raskare enn dei gamle gjorde.

Å prøva å spara tid kan dermed fort gå utover både bilen og bommen.

Det er elles heller ikkje mogeleg å koma seg smertefritt inn med tilhengjar. Noko som vart prøvd ut i praksis måndag morgon.

Ny bom (Foto: Hallvard Lyssand)
Slik stod bommen måndag morgon etter eit møte med ein innpasserande tilhengjarar. Stig Ulvedal får på plass ei skriftleg åtvaring om at nye bommar krev nye vanar.
Ny bom, kortlesar og pos it-lapp (Foto: Hallvard Lyssand)
Klar melding frå teknisk avdeling.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive