Ny professor på foretak

Stein W. Wallace (Foto: Hallvard Lyssand)

Stein W. Wallace er tilsett som professor ved Institutt for foretaksøkonomi.

23.08.2012 - Hallvard Lyssand


Wallace vart kalla til NHH og eit professorat i Management Science.

Haugesundaren kjem frå ei professorstilling ved Lancaster University Management School, der han har vore i tre år. Før det arbeidde han i tre år ved The Chinese University of Hong Kong. Han har også vore tilsett ved NTNU og Høgskolen i Molde.

Wallace er heller ikkje ukjent med Bergen. Han har studert matematikk, økonomi og informatikk i ved Universitetet i Bergen, og tok doktorgrad i informatikk der i 1984.

- Kvifor NHH?

- Det enkle svaret er at eg fekk ein førespurnad og svara ja, ler Wallace.

Svært kort oppsummert arbeider han med operasjonsanalyse.

- Presentert for lekfolk er det tale om anvendt matematikk for økonomar. Eg driv mykje med matematisk modellering innanfor logistikk og energi, og er oppteken av å modellera usikkerheit i planleggingsmodellar på desse felta, forklarar Wallace.

- Mi grunnleggjande forskingsmessige hovudinteresse er alltid forståing av usikkerheit, konkluderer han.

- Vi er veldig glade for at Stein Wallace har kome hit. Han er ein internasjonal kapasitet innan Management Science og operasjonsanalyse. Det faktum at han vart kalla er illustrerande, det skjer jo berre unntaksvis, seier instituttleiar Frode Sættem.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive