Takkar av etter 12 år

Ragnar Fagereng (Arkvifoto: Paul Sigve Amundsen)

I dag forlét Ragnar Fagereng stillinga som administrerande direktør ved NHH på dagen 12 år etter at han tok over direktørkontoret.

13.09.2010 - Hallvard Lyssand


- Det vert vemodig å slutta, men samstundes vedgår eg at det vert godt på nokre vis. Eg har vore leiar sidan 1975. Det vert ein livsstil som pregar både ein sjølv og familien, og etter 35 år vert det befriande å kunna gå heim utan å ha leiaransvar, seier Ragnar Fagereng.

Fagereng, som er frå Strømmen utanfor Oslo, hadde m.a. vore rådmann i Stavanger og Bergen då han byrja på sitt første seksårige åremål som adm. dir. ved NHH 13. september 1998.

- Det tok litt tid før eg fekk forståing av kva administrerande direktør skulle gjera og ikkje gjera. Instruksen var grei, men kartet stemmer ikkje alltid med terrenget og det kan vera utfordrande, seier han.

- Tilhøvet til styret, svarar den avtroppande direktøren på spørsmål om kvar han sjølv meiner at han har bidrege til endring gjennom 12 år ved NHH.

- Eg trur eg har bidrege til klargjering i form av klarare saksframlegg med innstilling frå adm. dir. og større vekt på delegering av oppgåver og avgjerder. Då eg byrja var styret involvert i alt. Dei handsama 250 saker i året. No er vi nede i under 100, seier han, og held fram:

- Styret skal ta dei viktige sakene og ikkje drukna i detaljar. Eg meiner eg har bidrege til å utvikla styret til det overordna og strategiske organet det bør vera, og slikt sett fått betre struktur ved NHH.

Ei beskytta boble

Fagereng kom til NHH frå stillingar i kommunesektoren, og ein del av førsteinntrykket var at han var kome til ei eiga lita boble.

- I kommunen må ein respondera på omverda heile tida. Her er det litt meir beskytta, noko som kan vera både bra og dårlig.

- Eg vart også litt overraska over dei tilsette sin sterke lojalitet til høgskulen. Mange - ikkje berre i fagstaben, men også i administrasjonen - er utdanna her og vore her svært lenge, påpeikar han.

- Situasjonen er likevel i endring. Alle, inkludert forskarar, er meir mobile og det er ikkje sjølvsagt at folk blir her. Det gjer det ekstra viktig å ta vare på folk på ein god måte.

Han meiner dessutan det er ein styrke for NHH at dei tilsette i administrasjonen i aukande grad har ulike akademisk bakgrunn.

Kan ikkje kommandera

Men korleis er det å skulla styra forskarar, folk som har kritisk innstilling og uavhengigheit som ryggmargsrefleks?

- Dyktige akademikarar kan samanliknast med kunstnarar. Det er livsstilen deira å utvikla det dei driv med. Ein kan ikkje styra dei på tradisjonelt vis ved å kommandera. Det må etablerast dialog, og om ein ikkje meistrar det, kan det verta bråk, seier Fagereng, og minner om tilfelle som Nedkvitne-saka ved Universitetet i Oslo og fleire saker i pressa om kontroversar mellom leiinga og delar av fagmiljøet ved Høgskolen i Oslo.

- Det er krevjande å få til gode prosessar, men ein gjer det iallfall ikkje gjennom rundskriv og direktiv.

Han understrekar at han er for naturleg autoritet - at ein først og fremst får respekt for det ein står for, og ikkje så mykje av di ein har tittel.

Treng å trivast

- Korleis ønskjer du å bli hugsa ved NHH?

- Vonleg vert eg hugsa for ein god replikk og ein latter. Eg likar ikkje for mykje alvor. Vi treng lysglimt i arbeidslivet, og vi treng å trivast, seier Fagereng.

- Eg er impulsiv og kan nok ha trakka uti nokre gonger, men ein kan ikkje ta seg sjølv for høgtidleg, legg han til.

Blir ut året

Sjølv om Ragnar Fagereng overlet direktørkontoret til Ole Hope kjem han til å fortsetta ved NHH ut året.

- Eg skal stå til disposisjon for leiinga, og i hovudsak arbeida med 75-årsjubileet, fortel han.

I det NHH går inn jubileumsåret vert 65-åringen Fagereng i utgangspunktet pensjonist. Det tyder m.a. betre tid til barnebarnet på halvtanna år, men heilt pensjonert vert han likevel ikkje.

- Eg har ikkje noko ønske om å ha nokon heiltidsjobb i dei komande åra, men noko skal eg nok gjera, seier han, utan å villa utdjupa kva det kan dreia seg om.

- Eg har vore ein offentleg person i 35 år, og har vore mykje i media på godt og vondt i desse åra. Eg har eit godt tilhøve til pressa, men det skal likevel bli godt å kunna vera meir anonym, seier ein tilfreds Fagereng.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive