- Business as usual er ikkje berekraftig

Idar Kreutzer (Foto: Hallvard Lyssand)

- Verda står overfor kolossale utfordringar og det må handlast raskt. Det finst likevel ein veg til eit berekraftig tilvære og vegen er brulagt med forretningsmoglegheiter. Det var Storebrandsjef Idar Kreutzer sin bodskap til bachelorstudentane ved NHH .

22.09.2010 - Hallvard Lyssand


- Eg har tre hovudbodskap til dykk, sa NHH-alumni og konsernsjef i Storebrand, Ivar Kreutzer, då han innleidde førelesinga "From Global Challenges to Business Opportunities" i ein aula full av førsteårs bachelorstudentar måndag.

- Punkt ein: Verda står overfor større endringar enn nokon gong tidlegare i historia. Punkt to: Det vil påverka alt frå daglegliva våre og mogelegheitene til å driva forretningar til rammevilkåra for politikk. Punkt tre: Den gode nyheita er at dei viktigaste vekstimpulsane ligg her. Den dårlege nyheita er at vi har dårleg tid på oss for å få til ei berekraftig utvikling.

WBSCD

Kreutzer var invitert til å halda gjesteførelesning på kurset IØA010 Introduksjon til økonomisk-administrativ analyse.

Utgangspunktet for foredraget var arbeidet til World Business Council for Sustainable Development. WBSCD er ei samanslutning av 200 store internasjonale selskap frå meir enn 30 land, og arbeider med spørsmål om berekraftig utvikling frå eit forretningsperspektiv.

I tillegg til Storebrand er m.a. Statoil, DnB NOR og Statkraft blant dei norske medlemsverksemdene. Dei har selskap av alt frå Toyota Motor Company, Nokia, KPMG og Deutsche Bank til L'Oreal, Chevron Corporation, Boeing og The Coca Cola Company, for å nemna nokre få.

Vision 2050

I WBSCD deltek selskapa sine toppsjefar aktivt. Saman med leiarane i Alcoa, PriceWaterhouseCoopers og Syngenta har Idar Kreutzer leia arbeidet med studien Vision 2050, og det var dette arbeidet som danna grunnlaget for førelesinga.

Utgangspunktet for arbeidet var eit spørsmål om korleis verda vil vera om 40 år.

- WBSCD-styret bad oss om å teikna eit bilete av korleis ei berekraftig verd kan sjå ut i 2050, og å etablera ei løype frå "business as usual" til berekraft. Det var ei gigantoppgåve, fastslo Kreutzer.

Arbeidet var utført gjennom samarbeid mellom 29 av WBSCD sine medlemsselskap, og med innspel frå ei rekkje framtredande utdanningsinstitusjonar og ulike tenketankar.

Idar Kreutzer (Foto: Hallvard Lyssand)
Storebrandsjef Idar Kreutzer, som sjølv vart uteksaminert frå NHH i 1986, vitja måndag høgskulen for å førelesa for bachelorstudentar.

Klode under press

Hovudutfordringane Kreutzer trakk fram er kjente: Populasjonsvekst, aukande energibehov og stigande temperatur legg stadig større press på ressursar og økosystem vi er avhengige av.

Folketalet på kloden er venta å passera ni milliardar i 2050, verdas byar veks raskare enn nokon gong, og veksten er aller sterkast i u-land, der føresetnadene for å takla veksten er dårlegast.

Samstundes skiftar det økonomiske tyngdepunktet mot land som Kina og India. Og med aukande velstand og veksande middelklasse i desse folkerike landa aukar venteleg etterspurnaden etter av kjøt, bilar og energi mot eit vestleg nivå. Dei påfølgjande konsekvensane kjem i form av auka klimagassutslepp og stigande temperatur.

- Vassmangel har alltid vore ei kjerne til konflikt, og problemet vil berre verta større. Vidare kan vi venta fleire flommar og meir tørke, åtvara Storebrandsjefen.

- Tenk på dei menneskelege, økonomiske og politiske konsekvensane av flommen i Pakistan. Det som skjer der vil skje oftare, fortsette han.

Oppvaskgenerasjonen

Og konklusjonen? "Business as usual" er ikkje berekraftig.

- Desse endringane vil påverka alle, og vi kan ikkje halda fram med å tenka, konsumera og driva forretningar slik vi gjer i dag. Gjer vi det, vil vi trenga ressursar tilsvarande 2,5 jordklodar i 2050, hevda Kreutzer.

- De kan lika det eller ei, men frå no av til 2050 er perioden de skal vera yrkesaktive og spela ei rolle. Og de slepp ikkje unna. De må forholda dykk til desse utfordringane, og de bør helst ikkje forholda dykk likegyldigde, sa han til bachelorstudentane.

- Min generasjon vert gjerne omtala som dessertgenerasjonen. Oppvaskgenerasjonen, det er dykk, la han til.

Trass i det dystre utgangspunktet understreka Kreutzer at dei ansvarlege for Vision 2050 trur det er mogeleg å koma til eit berekraftig nivå i løpet av 40 år, så sant ein er viljug til å gjera djuptgripande endringar på ei rekkje område.

Då studentane vart spurt om dei delte dette synet svarte eit massivt fleirtal ja.

Vegkart til berekraft

Vision 2050 presenterer ni hovudområde det må fokuserast på om ein skal nå målet om ei berekraftig verd.

Desse omfattar alt frå å endra verdiar og tankesett og å endra økonomiske belønningsmekanismar og modellar til å bevara regnskog, bygga annleis og å utnytta ressursar meir effektivt enn i dag.

Kreutzer avviste at teknologisk utvikling åleine vil vera nok.

- Teknologiutviklinga går svært fort, men det er ikkje tilstrekkeleg. Om 400 millionar indarar skal gjera som oss går ikkje ressursreknestykket opp. Vi må endra konsumåtferd ved å gje insentiv for berekraftig forbruk, understreka han.

Vil ha vekst

- Å bremsa økonomisk vekst er likevel ikkje løysinga. Økonomisk vekst er i våre auge ein føresetnad for å få til det vi no må, la han til.

Vision 2050 har utvikla eit kart over businessmogelegheiter i dei komande tiåra.

- Det skal byggjast meir dei neste 40 åra enn det er bygd i resten av historia til saman. Då er det eit poeng å sjå på korleis vi byggjer alt frå hus til infrastruktur. Her ligg det eit stort vekstpotensial, sa Kreutzer.

Vidare må vi auka jorda sin kapasitet til å produsera, samstundes som vi legg om utnyttinga av økosystema, påpeikte han.

- Somme hevdar at verdshavsfiske slik vi kjenner det vil vera historie om 10 år. Det er ikkje berekraftig. Samstundes er 20 prosent av korallane i verdshava daude og 20 prosent i ferd med å døy. Er det ikkje då på tide å gjera noko? spurte Kreutzer retorisk.

Utdanning og ekspertise

Han peikte på utdanning som ein viktig veg å gå for å få til fundamentale endringar.

- I tillegg er det viktig å få bedrifter til å sjå forbi skrekkscenario og få tru på moglegheitene som ligg i endringane vi må gjera. Verksemder som greier å redefinera ekspertisen sin og nytta han på nye område vil ha svært store moglegheiter, sa Kreutzer.

Han trakk fram alt frå omlegging av vassforsyning i indiske byar til nye produkt og tenester knytt til eldrebølgja som døme på oppgåver som både vil vera til hjelp for kloden og innebera forretningsmogelegheiter.

- Det er studentar og bedrifter som må få ting til å skje. Politikarar kan ikkje vedta at det skal skje, sa Kreutzer, og la til at både land og mange store verksemder, som til dømes Siemens og Hennes og Mauritz, har kasta seg inn i det grøne kappløpet og har resultat å visa til etter få år, både business- og berekraftmessig.

Kreutzer bad studentane tenka gjennom kva dei meiner om berekraft, teknologiutvikling og konsum, og på kva kunnskap dei vil trenga for å få suksess.

Avslutningshelsinga kom på engelsk: It's the end of the world as we now it - and that's not all bad.

Idar Kreutzer (Foto: Hallvard Lyssand)
- Det er viktig å ha ein arena der studentane som skal bli morgondagens leiarar kan møta dagens leiarar og utveksla erfaringar, sa Idar Kreutzer då han innleia førelesinga si. I pausen nytta han høvet til å snakka med nokre av dei frammøtte.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive