Ny utgåve av NHH Bulletin

NHH Bulletin nr. 3, 2010

Årets tredje utgåve av NHH Bulletin er fersk frå trykkeriet. Her kan ein lesa om alt frå utstøyting frå arbeidslivet, via makroøkonomiske perspektiv på finanskrisen til feilslått norvagisering og eit litterært drap på ein NHH-ar.

25.10.2010 - Tekst: Hallvard Lyssand Ill.: Willy Skramstad


NHH Bulletin nr.3, 2010 vier mykje plass til å presentera NHH-miljøet si storsatsing NHH 2021, som er utvikla i samarbeid med næringslivskomiteen til 75-årsjubileet og der målet er å løfta NHH opp i den absolutte europatoppen.

Forskingsprogrammet Krise, omstilling og vekst er ein av dei sentrale faglege satsingane i NHH 2021. NHH Bulletin presenterer nokre av forskingsprosjekta som er i gang.

Utstøyting frå arbeidslivet handlar om langt meir enn gode trygdeordningar og dårlege haldningar, meiner Harald Engsæth frå AFF.

- Dersom det ikkje finst gode samhandlingsarenaer i ei verksemd, kan det gå på helsa laus, åtvarar han.

For 15 år sidan presenterte Språkrådet ei liste av engelske ord dei hadde norvagisert. Det inneber anten at skrivemåten vert fornorska, eller at det vert skapt norske avløysarord (overhead blir til overhedd eller skriftkastar).

Førsteamanuensis Gisle Andersen ved institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon har sett nærare på avisers bruk av norvagiseringane, og kan konstatera at Språkrådet sine forslag i liten grad har fått fotfeste.

Førsteamanuensis Stig Tenold ved Institutt for samfunnsøkonomi har sett på utviklinga i internasjonal skipsfart på 1960- og -70-talet, og konstaterer at det var reiarlaga som satsa på spesialiserte skip som greidde seg best.

DnB NOR-sjef Rune Bjerke meiner godt bankhandverk berga norske bankar gjennom finanskrisa. Professor Thore Johnsen ved Institutt for foretaksøkonomi meiner at ein god porsjon flaks var ein vel så sentral faktor.

Informasjonsarbeidar og tidlegare journalist Asle Skredderberget bokdebuterte med ein kriminalroman i haust. Tilliks med forfattaren er både hovudpersonen og mordofferet i boka NHH-alumni.

Les elles om alt frå forsking på truverd i klimadebatten, via foredrag frå den tidlegare polske og den noverande norske sentralbanksjefen til jubileumsfeiring for 1970-kullet.

NHH Bulletin


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive