Norges første TEDx-arrangement

TEDxNHH (Logo)

Via konferansar og internettformidling av talane til innovative og markante menneske arbeider organisasjonen TED for å spreia grensesprengjande idear på ulike felt. No vert NHH-studentar dei første som arrangerer ein TED-relatert konferanse i Noreg. In English

06.10.2010 - Hallvard Lyssand


TED er ein amerikansk non profit-organisasjon som arbeider for å spreia det dei meiner er idear som er verd å spreia (Ideas worth spreading).

TED vart etablert i 1984 som ein konferanse som skulle samla folk frå bransjane teknologi, underhaldning og design, og herfrå kjem forkortinga (Technology, Entertainment, Design).

Etter ein heller treg start byrja TED å veksa og å utvida aktiviteten. Per i dag vert det m.a. arrangert årlege konferansar i Long Beach, California og Oxford i England, samt ei rekkje TED-tilknyta arrangement over heile kloden.

Ein av organisasjonen sine viktigaste tilbod er TEDTalks, talar av ei lang liste av prominente bidragsytarar som omfattar vitskapsfolk, kunstnarar, musikarar, forfattarar, politikarar og journalistar.

Blant dei som har bidrege er Tim Berners-Lee, Jane Goodall, Bono, Bill Gates, J.K. Rowling, Richard Branson og Bill Clinton. Føredraga til dei nemnde og meir en 700 andre er tilgjenglege gratis på nett, og dekkjer eit mengde av tema frå teknologi, vitskap, underhaldning, formgjeving, næringsliv, kunst, kultur og globale spørsmål.

Les meir på ted.com

Inspirasjon og nye løysingar

Masterstudent Vikram Seth (Foto: Hallvard Lyssand)
Masterstudent Vikram Seth er koordinator for TEDxNHH.

Ei av greinene til TED er TEDx, eit opplegg som let skular, verksemder eller andre som vil arrangera eigne konferansar etter TED-mønster.

Laurdag 23. oktober finn TEDxNHH stad i aulaen. Dette er det første TEDx-arrangementet i Noreg, og initiativet kjem frå NHH sine internasjonale studentar.

- Ideen kom frå dei internasjonale sitt NHHS-underutval, MEBA Council, seier britisk ENE-student og TEDxNHH-koordinator, Vikram Seth.

- Sidan 2002 har Master in International Business-studentene ved NHH har arrangert ein årlig konferanse med tittelen MiB Forum og seinere MEBA Forum. Desse arrangementa har vanlegvis fokusert på spørsmål om næringsliv og energi, men i år bestemte vi oss for å utvida rammene," fortsett han.

- Vi er store TED-fans, og nokre av dei om lag 20 studentane som er involverte i arbeidet har tidlegare erfaring med å skipa til TEDx-arrangement. Målet med NHH-konferansen er å vera multidisiplinære og å presentera nye og innovative løysingar på ulike område. Det heile er eit forsøk på å inspirera folk til å vera meir kreative og å sjå tingi eit anna lys, forklarar Seth.

Tema for konferanse er "The Birth of Inspiration," og dei sju gjesteførelesarane dekker ei rekkje felt, frå kunst og musikk til arkitektur og økonomi.

Blant bidragsytarane er NHH-professor Rögnvaldur Hannesson. Han skal snakka om eit Noreg utan olja.

Dei andre bidragsytarane er den danske arkitekten Andreas Klok Pedersen, den tyrkiske musikaren, Mercan Dede, den japanske designeren Suhsi Suzuki, den norske fimskaparen Sjur Paulsen og den katalansk-britiske økonomen Edward Hugh.

Les meir om bidragsytarane på TEDxNHH si nettside

- Målgruppa vår er primært NHH-studentar, men vi trur arrangementet vil vera interessant og inspirerande for alle, inkludert studentar frå andre institusjonar, akademikarar og næringslivsfolk, seier Vikram Seth.

TEDxNHH
The Birth of Inspiration
Dato: Lørdag 23. Oktober
Tid: 11.00-17.00
Stad: Aulaen, NHH



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive