Kamp om karrieremerksemda

Karrieredagen 2010 NHH PhD-stand (Foto: Hallvard Lyssand)

Konkurransen om studentane si merksemd er hard når NHHS arrangerer karrieredag. NHH lokka med doktorgradsutdanning.

14.10.2010 - Hallvard Lyssand


- Gåvekort frå Bergen Storsenter!

Alle slags middel vart tekne i bruk i kampen for å fanga merksemda til karrierebevisste NHH-studentar under Karrieredagen i regi av Næringslivsutvalget i NHHS onsdag.

I alt 78 bedrifter og offentlege etatar var på plass for å presentera tilboda sine og gje råd til studentane. Opp til fleire sukra dessutan bodskapen med bollar, brus, snop, kulepennar og andre "freebies."

Karrieredagen 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Coffee? Tea? PhD?: Stipendiatane Geir Magne Bøe (t.v.) og Johannes Mauritzen var blant dei som bemanna NHH sin doktorgradsstand på Karrieredagen. Dei måtte konkurrera om merksemda med nær 80 andre stands.

PhD-profilering

NHH var representert med ein stand som profilerte PhD-programmet.

- Dette var tredje år vi var til stades på Karrieredagen. Hovudgrunnen er at vi ønskjer å visa våre eigne masterstudentar at det finst alternativ til å gå ut i jobbar i næringsliv og forvaltning, og freista dei til å satsa på doktorgrad, seier dekan for doktorgradsutdanninga, professor Anna-Mette Fuglseth.

- Forøvrig er det sjølvsagt mogeleg å gå til jobb i næringslivet og forvaltninga etter at ein har teke doktorgrad. Halvparten av våre PhD-kandidatar gjer jo det, legg ho til.

Å vera synleg på Karrieredagen er berre eitt av fleire tiltak som er sett i verk for gjera masterstudentane meir merksame på PhD-mogelegheitane.

- Vi har arbeidd meir målretta med dette internt dei siste åra. Institutta og rettleiarane bidreg til dømes direkte overfor studentane, seier Fuglseth.

Eit av måla til NHH er å styrka kvinneandelen også på PhD-nivå.

- Vi ligg ganske godt an på dette området, men vil gjerne over 40 prosent kvinner. Eit av tiltaka for å oppnå dette er eit eige kvinneseminar der interesserte får eit djupare innblikk i kva livet som doktorgradsstudent og forskar inneber, seier Fuglseth.

Årets Kvinneseminar finn stad torsdag 28. oktober, og 16 studentar nytta høvet til å melda seg på ved NHH sin stand under Karrieredagen.

KArrieredagen 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Kvinnerekruttering: NHH satsar spesielt på å auka kvinnerekrutteringa til PhD-studiet. I slutten av månaden er det eit eige kvinneseminar med presentasjon av doktorgradsprogram og forskarkarriere.
Karrieredagen 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Ernst og Young at heart: Dei store konsulent- og rådgjevingsselskapa er godt representerte under Karrieredagen. Biletet er frå Ernst & Young sin stand.
Karrieredagen 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Skattesnop: Det finst visstnok ingen gratis lunsj, men under Karrieredagen kan ein bli lurt til å tru det motsette, for snopet sitt laust hos dei som profilerer seg. Skatteetaten lokka t.d. med sjokoladegullmyntar.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive