Fritt og fleksibelt, men krevjande

Kvinneseminar 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)

- De er garantert flinke nok, men å ta doktorgrad handlar ikkje utelukkande om å vera smart. Ein må vera uthaldande også. Det var blant beskjedane til dei kvinnelege masterstudentane som kom for å læra meir om mogelegheitene ein PhD gjev.

29.10.2010 - Hallvard Lyssand


NHH arbeider konstant for å styrka kvinnerepresentasjonen på alle nivå ved høgskulen.

Eit av områda der satsinga gjev resultat er på doktorgradsutdanninga. Prosentdelen kvinner har stige jamt og trutt dei siste åra, frå 36,6 prosent i 2006 til 41,2 prosent i år.

Men målet er at kvinnerepresentasjonen skal veksa vidare, og at dette også skal gjera seg utslag høgare oppe i forskarhierarkiet.

Merkar mannsdominansen

Eit av rekrutteringstiltaka som er innført er eit eige kvinneseminar med informasjon om doktorgradsutdanning og dei moglegheitene denne gjev både i og utanfor akademia.

Torsdag stilte 16 masterstudentar i 9. etasje for å få førstehandsinformasjon om stipendiattilværet og seinare forskar- og/eller næringslivskarriere.

Blant dei som møtte var ENE-student Elisabeth Olson frå San Diego i California.

- Eg er interessert i kva ein PhD kan innebera, og då eg fekk veta om dette arrangementet ville eg nytta høvet til å få veta meir, sa ho til Paraplyen før seminarstart.

- Kva treng du å høyra på seminaret for at du skal velja å søka vidare mot doktorgrad?

- Det er i grunnen eit godt spørsmål. Eg stiller med ope sinn. Og sidan eg er førsteårs masterstudent har eg framleis litt tid på meg før eg må velja.

- Spelar graden av kvinnerepresentasjon i fagstaben noko rolle for deg når du vurderer ei akademisk karriere?

- Fagstaben her er definitivt mannsdominert, utan at eg har opplevt det som direkte negativt. Eg har vore heldig og vakse opp i omgjevnader med relativt høg grad av likestilling, og har aldri følt at kjønn speler særleg stor rolle. Samstundes er det uheldig at NHH manglar kvinnelege lærarar. Ein legg jo merke til det, utan at det tyder at eg nedvurderer verdien av utdanninga av den grunn, sa Olson.

Elisabeth Olson (Foto: Hallvard Lyssand)
ENE-student Elisabeth Olson.

Kvinnedominans

På seminaret torsdag var uansett kvinnedominansen total.

Professor og dekan for doktorgradsutdanninga, Anna Mette Fuglseth innleidde ved å presentera måla fro rekrutteringsarbeidet og karakterkrava ein må oppfylla for å vera kvalifisert til PhD-programmet, før ho reklamerte litt for føremoner i form av fleksibilitet, personleg utvikling, faglege utfordringar og internasjonal orientering.

- Eg personleg har aldri hatt ei betre tid enn stipendiatperioden, konstaterte Fuglseth.

Anna Mette Fuglseth, Kvinneseminar (Foto: Hallvard Lyssand)
Dekan for doktorgradsutdanningen ved NHH, professor Anna Mette Fuglseth.

Fleksibelt, men krevjande

SOL-stipendiat Therese Sverdrup følgde opp med å fortelja om sine erfaringar.

Ho stadfesta at stipendiattilværet er fritt og fleksibelt, men understreka at det også er krevjande.

Sverdrup hadde dessutan ei klar oppmoding:

- Ver sikre på at de er verkeleg interesserte i det temaet de vel å ta for dykk.

Therese Sverdrup (Foto: Hallvard Lyssand)
Stipendiat Therese Sverdrup.

Mengder av mogelegheiter

Anne Cathrin Haueng er partner i konsulentselskapet Headway og tok doktorgrad ved NHH i 2004 med ei avhandling om strategiske endringsprosessar.

Ho var invitert for å snakka om sine erfaringar som doktorand i næringslivet.

Etter at ho vart uteksaminert frå NHH arbeidde Haueng i fem år i NSB, før ho returnerte til akademia og tok doktorgrad. Sidan har ho m.a. arbeidd fleire år i IBM, før ho kom til Headway.

- Eg har vald å arbeida med store endringsprosessar fordi det er det eg arbeidde med då eg tok doktorgrad. Eg ønskte å vidareutvikla kompetansen min på området i praksis, og bruker kunnskapane eg fekk frå PhD-arbeidet kvar dag, sa Haueng.

Ho åtvara om at tittelen kan vera ein hemsko i nokre tilfelle.

- I visse fall vil nok potensielle arbeidsgjevarar spørja seg "kva kan ho bidra med? Ho er berre ein teoretikar," sa Haueng, og peikte på at ein må balansera teoretisk kunnskap med praktisk erfaring.

Likevel tilrådde ho å ta doktorgrad, og peikte på at det er utviklande og gjev ei lang rekkje mogelegheiter, inkludert veksling mellom akademia og næringsliv.

- Og våg å stikka hovudet fram! Når du har ein doktorgrad kan du vel ha ei leiarstilling også? slutta Haueng.

Anne Cathrin Haueng (Foto: Hallvard Lyssand)
Anne Cathrin Haueng.

- Dei vil faktisk ha dykk her

RRR-professor Iris Stuart fortalte om sin veg til ein akademisk karriere og livet som forskar.

Ho konstaterte at hennar første jobb ved eit offentleg kontor var den verste ho hadde hatt, og at det lærte henne ein heil del om kva ho ønskte seg av ein jobb.

- Eg ville ha ein jobb der eg viste noko andre ikkje visste, og der det spelte ei rolle at det var eg som kom på jobb. Eg ville ikkje berre vera ein erstatteleg del i eit maskineri, sa Stuart.

Etter å ha returnert til skulebenken og utdanna seg til revisor byrja ho å arbeida hjå KPMG.

- Det var svært spennande og ei god erfaring, men ikkje bra for familieliv og liknande. Det var likevel tungt å slutta, sa Stuart.

I akademia fann ho arbeidet som passa til livet ho ville leva.

- Eg liker å undervisa og eg liker å reisa. Forskarjobben har gjeve meg høve til å arbeida ei rekkje stader i USA, i Singapore og no i Noreg. Eg har ein jobb som er interessant og utfordrande heile tida, og der eg får reisa og møta folk, reklamerte Stuart.

Historia om hennar eiga doktorgradsutdanning var ikkje like lystig.

- Å ta PhD i USA då eg gjorde det var eit lite helvete. Det var ingen kvinner der frå før, og dei ville ikkje ha oss der, konstaterte ho, men fortsatte:

- No er alt annleis. Dei vil ha dykk her, og de bør gjera dette. De kan! Men de må vera uthaldande. Å vera smart er ikkje nok, slutta Stuart.

Iris Stuart. Kvinneseminar (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Iris Stuart.
Kvinneseminar 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Dei 14 studentane på Kvinneseminaret kom frå alle verdshjørne, frå Noreg til Sør-Afrika og California til Kina. Mange nytta høvet både til å stilla spørsmål under seminaret og til å snakka med innleiarane etterpå.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive