Fekk to prisar for HIV/AIDS-film

Walk the Talk (Foto frå filmen)

Som del av eit større forskingsprosjekt har Ingeborg Astrid Kleppe frå NHH og to kollegaer frå University of Sydney laga film om kampen mot spreiing av HIV i Botswana. No har filmen vunne to prisar ved filmfestivalen til Association for Consumer Research. In English

28.10.2010 - Hallvard Lyssand


Filmen "Walk the Talk" handlar om HIV-positive menn i Botswana som vel å vera opne om at dei er smitta, og bidra til å promotera livsstilen "Positive living."

- Positive living er eit livsstilskonsept som vert marknadsført av FN, Verdsbanken og internasjonale og nasjonale helseorganisasjonar. Målet er å få ned smitteraten av HIV/AIDS og at folk med HIV/AIDS skal kunne leve lengre og meir produktive liv, forklarar førsteamanuensis Ingeborg Astrid Kleppe ved Institutt for strategi og ledelse.

Ho har laga filmen saman med forskarkollega Marylouise Caldwell og filmmaker Stephen Watson, begge frå University of Sydney.

Ingeborg A. Kleppe (Foto: Hallvard Lyssand)
Førsteamanuensis Ingeborg A. Kleppe ved Institutt for strategi og ledelse.

Filmen er del av eit større forskingsprosjekt der Kleppe og Caldwell undersøker korleis HIV-positive i utviklingsland blir aktivistar og offentlege talspersonar i kampen mot spreiing av HIV og kva endringar dei involverte går gjennom i løpet av prosessen.

Botswana er blant landa i verda som har høgast utbreiing av HIV/AIDS. Overslag tyder på at så mykje som 300,000 menneske i landet er smitta.

Lenge var det nesten utelukkande kvinner som kjempa aktivt mot sjukdommen, men i 2006 vart Mr. HIV Positive Living Beauty Pageant arrangert i hovudstaden Gaborone. Her stod ti HIV-smitta menn fram offentleg for å bidra i kampen for å hindra smittespreiing, m.a. ved å oppmoda andre menn om å testa seg.

Då Association for Consumer Research(ACR) arrangerte sin årlege konferanse nyleg, var "Walk The Talk" ein av filmane som vart vist på konferansen sin filmfestival.

Her vann Kleppe, Caldwell og Watson både "the Juror's Award" og "People's Choice Award."

- Dette har aldri skjedd tidlegare, og det skaffa mykje merksemd både til filmen, forskingsprosjektet og våre respektive institusjonar, seier Kleppe.

Ho meiner filmen er ei avansert form for forskingsformidling, og vonar at det skal vera mogeleg å få filmen vist på norske festivalar.

Forskingsprosjektet har også resultert i to konferansepapers, og Kleppe og Caldwell arbeider med ein artikkel med tittelen "How Western Biopolitics Transfroms Consumers Lives in a Developing Nation."

Sjå trailer frå filmen Walk the Talk



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive