NHH-reinhaldarar tekne ut i streik

Bøttekott (Illustrasjon)

Alle reinhaldarane i Merinobygget og fire av fem i NHH sitt hovudbygg er tekne ut i streik. Inntil vidare er lesesalar, kontor, toalett m.m. opne både ved NHH og i Merinobygget, men om dei hygieniske tilhøva ikkje lenger er tilfredsstillande kan fasilitetar bli stengt. Tilsette og studentar vert oppmoda om å ta omsyn til situasjonen. In English

20.05.2010 - Hallvard Lyssand


Som følgje av brot i forhandlingane mellom Arbeidsmannsforbundet og NHO Service er 920 private reinhaldarar i Hordaland tekne ut i streik.

Blant desse er åtte av ni reinhaldarar ved NHH.

Alle dei fire som til vanleg tek seg av reinhaldet i Merinobygget streikar. Dermed er det ikkje reinhald i bygget i det heile i augneblinken.

Også fire av dei fem som normalt vaskar i Servicebygget, Høyblokken og Paviljongen er i streik.

Vis omsyn

Leiar for Teknisk driftsavdeling, Arvid Fredheim, opplyser at den reingjeringskapasiteten ein framleis har i hovudbygget vil bli nytta til studentareal som studentkantina og studenttoalett av omsyn til eksamensavviklinga.

Medan streiken varar vil det ikkje bli vaska eller tømt søppel på kontor og toalett utover dei prioriterte studentareala.

Inntil vidare er likevel alle fasilitetar, som toalett, lesesalar, kontor osb. opne, og målet er å halda ope så lenge som råd. Men dersom streiken vert langvarig og dei hygieniske tilhøva ikkje lenger vert vurdert som tilfredsstilande kan stenging verta naudsynt.

Administrerande direktør Ragnar Fagereng understrekar at studentar og tilsette sjølve må ta omsyn til situasjonen i si framferd i alle samanhengar, og dermed bidra til at ein unngår stenging av fasilitetar som følgje av streiken.

Fredheim påpeikar at Merinobygget er sterkt belasta i augneblinken grunna eksamensperioden, og at ein før streiken hadde leigd inn ekstra reinhald.

Fagereng og Fredheim påpeikar at det i stor grad er opp til studentane sjølve å bidra slik at ein unngår ein situasjon der toalett eller lesesalar må stengjast av hygieneårsaker.

Oppdatert 15.30, torsdag 20. mai.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive