Delte kunnskap om kunnskapsdeling

Nikolai J. Foss, Workshop, Statoil Integrasjonsforskingsprogram (Foto: Hallvard Lyssand)

Kva må til for at tilsette i ein organisasjon skal dela kunnskap med kvarandre? Og korleis skal ein gå fram for å få etablert ein ny praksis på tvers av ein organisasjon? Det var nokre av spørsmåla då forskarar og Statoiltilsette møttest til workshop om kunnskap og kunnskapsdeling.

12.05.2010 - Hallvard Lyssand


I desember 2006 vart det klart at olje- og gass aktiviteten i Hydro skulle fusjonera med Statoil, og 1. oktober 2007 vart dei to selskapa slått saman.

Frå byrjinga av 2008 har forskarar frå SNF, Iris og Fafo følgd integrasjonsprosessen tett gjennom eit treårig forskingsprogram initiert av Statoil.

Seniorforskar Torstein Nesheim (Foto: Hallvard Lyssand)
Seniorforskar Torstein Nesheim frå SNF.

Ein fusjon av ein slik storleik er omfattande og komplisert, og selskapet ønskte å dokumentera resultat og erfaringar frå prosessen for å byggja kompetanse med tanke på eventuelle seinare fusjonar og endringsprosessar.

Samstundes skulle forskarane samla systematisk og uavhengig informasjon for å kunna bidra til korrigeringar av integrasjonsprosessen medan han gjekk føre seg.

Ei tredje målsetjing var å gje forskarmiljøa høve til å skaffa seg meir kunnskap om fusjonar og oppkjøp.

Integrasjonsforskingsprogrammet har teke for seg ei rekkje ulike tema, frå endringsleiing og tilsette si medverknad til HMS- og strategispørsmål.

Workshop-ar er ei sentral arbeidsform i forskingsprogrammet. Tysdag møttest forskarar og 25 Statoiltilsette i Merino til workshop om kunnskapsdeling og kunnskapsleiing i regi av programme manager Sturle Næss frå Statoil og seniorforskar Torstein Nesheim frå SNF.


Program manager Sturle Næss frå Statoil (Foto: Hallvard Lyssand)
Program manager Sturle Næss frå Statoil.

- Det grunnleggjande spørsmålet i denne samanhengen er korleis ein kan få etablert "beste praksis" på ulike område og korleis vi kan styrka kunnskapsdeling på tvers av organisasjonen i samband med integrasjonsprosessen.

- Vi har invitert folk frå Statoil som arbeider med desse spørsmåla, sa Næss til Paraplyen tysdag.

- Programmet begynner med innlegg frå inviterte forskarar, før vi går over til interne forhold i Statoil og tilsette i selskapet deler sine erfaringar på ulike område, la han til.


Nikolai J. Foss (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Nikolai J. Foss i dialog med Statoiltilsette.

Første forskar ut tysdag var professor Nikolai J. Foss frå Institutt for strategi og ledelse ved NHH og Copenhagen Business School, etterfølgd av professor Sue Newell frå Bentley University/Warwick University og professor Volker Mahnke frå Institut for Informatik ved CBS.

- Nikolai Foss er NHH-ar, har gjort omfattande forsking på kunskapsleiing og -deling og er blant dei leiande på feltet internasjonalt. Sue Newell er del av IKON-nettverket ved Warwick, har forska mykje på kunnskapsdeling, og har ei supplerande tilnærming i høve Foss med vekt på prosessar i kunnskapsdeling. Volker Mahnke bidrog med utfylte dei to andre innleiarane ved å fokusera på korleis organisasjonar får inn kunnskap frå omgjevnadene, seier Torstein Nesheim.

Nikolai Foss tok for seg faktorane motivasjon, anledning og evne til kunnskapsdeling, og spurte kva som er desse faktorane sin relative betydning og kva type motivasjon som er relevant når ein vil fremja kunnskapsdeling på tvers av organisasjonar.


Professor Sue Newell (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Sue Newell.

Sue Newell heldt innlegget "Rethinking Knowledge Transfer: From best practices to Negotiated Practices."

Her tok ho m.a. for seg utfordringar og potensielle barrierar for kunnskapsoverføring og endring av veletablert praksis i organisasjonar.

Volker Mahnke frå Institut for Informatik ved CBS avslutta den forskingsmessige delen med innlegget "Managing knowledge beyond firm boundries: How to tap the wealth of external knowledge?"


Siri Bentsen, Senior Advisor i Statoil (Foto: Hallvard Lyssand)
Siri Bentsen, Senior Advisor i Statoil.

Men kva utbyte har Statoil-folka av å høyra på akademiske utleggingar om kunnskapsdeling og praksisendring? Finn dei noko som er overførbart i høve intergrasjonsprosessen?

- Det er alltid spennande å høyra ulike tilnærmingar til temaet. Eg kallar meg læringsaktivist og er veldig interessert i fakta om korleis folk lærer, seier senior advisor i Statoil, Siri Bentsen.

- Vi finn mykje som er anvendbart i det forskarane presenterer og som kan vera del av fundamentet for praksisen vi byggjer, seier Bentsen, og legg til at deira utfordring er å gjera kunnskapen forståeleg for dei einskilde medarbeidarane i organisasjonen.

Integrasjonsforskingsprogrammet fortsett fram til 31. desember 2010.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive