Bronsesvampen til Inger Stensaker

Inger Stensaker (Arkivfoto)

Bronsesvampen for våren 2010 er tildelt førsteamanuensis Inger Stensaker ved Institutt for strategi og ledelse. Stensaker får prisen for undervisningsinnsatsen på bachelorkurset SOL040.

18.05.2010 - Hallvard Lyssand


Bronsesvampen er studentane ved NHH sin semestervisse heider til ein førelesar dei meiner har gjort ein ekstra undervinsingsinnsats for bachelorstudentane ved høgskulen.

Under 17. mai-frukosten i Aulaen måndag vart det avslørt at prisen for vårsemesteret 2010 er tildelt førsteamanuensis Inger Stensaker for innsatsen på kurset SOL040 Strategisk leiing.

Det følgjande er utdrag av grunngjevinga påtroppande leiar av Bachelorfagutvalet i NHHS, Jan Lilleby, siterte då han overrekte prisen:

- Engasjert og ivrig i undervisninga, glimt i auget og godt humør som smittar, stor dedikasjon til faget og med ekstraordinær evne til å formidla pensum.

Inger Stensaker var bortreist, og hadde ikkje høve til å vera tilstades og ta imot prisen. Studentassistent Jørgen Kjær tok derfor i mot på hennar vegne.

Vinnaren av bronsesvampen vert valt gjennom ein kombinasjon av røysting blant kulla og ei vurdering utført av Bachelorfagutvalet.

Bronsesvampen:

Tidligere vinnere

V72: Øistein Pettersen
H72: Sten Thore
V73: Victor D. Norman
H73: Peter J. Bernhardt
V74: Bjarne Bakka
H74: Sverre Rasmussen
V75: Rolf Jangård
H75: Arne Dag Sti
V76: Jan Lundquist
H76: Agnar Sandmo
V77: Sten Thore
H77: Harald Frønsdal
V78: Jonny Holbæk
H78: Atle Johnsen
V79: William T. McKinnon / Einar Hansen
H79: Fridtjof Frank Gundersen
V80: René Verbraeken
H80: Victor D. Norman
V81: Charles Stabell
H81: Gerda Moter Erichsen
V82: Thorolf Rafto
H82: Terje Axelsen
V83: Erling Steigum
H83: Willy Rasmussen
V84: Johan Arndt
H84: Agnar Sandmo

H01: Jan Ivar Stemsrudhagen
V02: Frode Sættem
H02: Ola Grytten
V03: Jan Ubøe
H03: Alexander Cappelen
V04: Kjetil Bjorvatn
H04: Jan I. Haaland
V05: Astrid Kaufmann
H05: Trond Bjørnenak
V06: Victor D. Norman
H06: Per Manne
V07: Jarle Møen
H07: Alexander Cappelen
V08: Jan Ubøe
H08: Lars Mathiesen
V09: Reneé Klepsland
H09: Trond Bjørnenak
V10: Inger Stensaker
H10: Magne Supphellen
V11: Øystein Gjerde og Frode Sættem



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive