Husk sommarfestfristen

Sommarfest (Illustrasjonsfoto)

Onsdag 16. juni vert det arrangert sommarfest for alle tilsette i NHH-miljøet. Dei som ønskjer å delta må melda seg på seinast i løpet av fredag 11. juni.

09.06.2010 - Red.


Den tradisjonelle sommarfesten byrjar klokka 17 onsdag 16. juni med velkomstdrink etterfølgd av eit fagleg program ved m.a. Arne Selvik frå AFF og John A. Andersen frå Internasjonalt kontor ved NHH.

Deretter følgjer vinsmaking, servering av grill- og vegetarmat, quiz og musikk og dans.

Av omsyn til matbestilling o.l. er det naudsynt at alle som vil koma på festen melder seg på seinast i løpet av komande fredag, 11. juni.

Fullt program og lenke elektronisk påmeldingssystem er å finna på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive