Ny kurs i Latin-Amerika?

Kronikk: Presidenten i Brasil er vonbroten over at Barack Obama ikkje ser ut til å vilja utvikla ein ny Latin-Amerika-politikk. Andre gler seg over at utviklinga i verda elles har tillate landa sør for Río Bravo å finna eigne løysingar på eigne problem. Statskuppet i Honduras 28. juni 2009 kan ha endra denne situasjonen, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i ein kronikk i Dag og Tid 15. januar 2010.

18.01.2010 - Johannes Nymark


Då den lovleg valde presidenten i Honduras, Manuel Zelaya, auka lønene i statsapparatet og oppmoda det private næringslivet til å gjera det same, gjekk alarmklokkene i det tradisjonelle maktmiljøet i landet. Den opphavleg konservative presidenten tok initiativ til beste for dei fattige i landet, og reaksjonane i makteliten sende Zelaya på kort tid frå høgre til venstre i latinamerikansk politikk.

Statskuppet i Honduras blei unisont fordømt rundt om i verda. Likevel blei retorikken til kuppmakarane ukritisk kolportert i store delar av internasjonal presse. «President Manuel Zelaya vil endra grunnlova for å halda seg ved makta», rapporterte det eine presseorganet etter det andre. Svært få var dei som tok seg bryet med å informera om at det Zelaya eigentleg ville, var å halda ei folkerøysting som gjekk på om ein skulle kalla saman til ei grunnlovgivande forsamling. Folkerøystinga skulle finna stad på same dato som presidentvalet, 29. november 2009, eit val Zelaya sjølv ikkje kunne stilla som kandidat til ut frå gjeldande grunnlov.

Med to tunger

Styresmaktene i USA la for dagen eit klart sprik mellom språk og realitetar i høve kuppet i Honduras. Offisielt tok ein avstand frå det, men det er blitt kjent i ettertid at det i dagane før kuppet var hektisk møteaktivitet mellom politiske og andre leiarar i Honduras og leiande representantar for styresmaktene i USA, som USAs ambassadør, Hugo Llorens, og han som då var LatinAmerikaansvarleg i Barack Obamas UD, Thomas Shannon, i tillegg til fleire med tvilsam fortid og til dels private interesser i Honduras (Otto Reich, Robert Carmona Borjas og John Negroponte). Eit av dei viktigaste stridsspørsmåla var USAs militærbase i Palmerola, som Zelaya ville gjera om til sivil flyplass.

Soto Canobasen i Palmerola var strategisk viktig alt på 1980talet, då han blei nytta for å koordinera USAs kamp mot sandinistregjeringa i Nicaragua og mot geriljarørslene i El Salvador og Guatemala. I dag satsar USA dei militærstrategiske korta sine på Paraguay for å kontrollera den sørlegaste delen av LatinAmerika, Colombia - med si plassering midt mellom Hugo Chávez' og Rafael Correas venstreorienterte regjeringar i Venezuela og Ecuador - og alt omtala Honduras i MellomAmerika.

USAs strategisk plasserte militærbasar får det til å sjå ut som at Obama ønskjer kontinuitet framfor endring i høve til LatinAmerika. Den latinamerikanske skepsisen til USA botnar i negative historiske røynsler, men er òg prega av manglande konsekvens i utanrikspolitikken til supermakta. For hadde USA sett i verk dei same økonomiske rådgjerdene mot Honduras som dei sidan 1962 har nytta mot Cuba, ville kuppregimet på kort tid
ha falle saman som eit korthus.

Det same ville ha skjedd dersom Obama hadde gjort som George Bush jr. då det såg ut til at den tidlegare geriljarørsla FMLN skulle vinna valet i El Salvador i 2004. Han truga då med å stoppa pengeoverføringane frå salvadoranarar i USA til heimlandet og bad USselskap om å vera klare til å trekkja seg ut or det mellomamerikanske landet dersom venstrefronten vann valet. Berre trugsmåla var nok til at folket i El Salvador fekk panikk og det sterkt høgreorienterte ARENA vann valet.

Smittefaren

Somme fryktar at kuppet i Honduras i fjor skal smitta. For ikkje lenge sidan måtte presidenten i Paraguay, Fernando Lugo, byta ut øvstkommanderande i dei væpna styrkane, truleg for å redusera faren for militærkupp. Opposisjonen drøymer omå fjerna Lugo, om ikkje med geværmunningar retta mot han, som i Honduras,
så i alle fall gjennom ei politisk rettssak.

Dei som nyleg har vore i Paraguay, kan ikkje ha unngått å merka den rolla som også pressa spelar for å velta Lugos lovleg valde regjering. Her dreiar det seg om eit nært samspel mellom sterke økonomiske interesser og ei presse som tenderer mot monopol, noko som likeins forklarer Hugo Chávez' kamp i Venezuela mot det ein i vår del av verda omtalar som pressefridom. Også i Ecuador har presidenten, Rafael Correa, nyleg peika på faren for kupp. Det skal dreia seg om ein konspirasjon sett i scene av den tidlegare presidenten Lucio
Gutiérrez, som blei avsett etter eit folkeopprør i 2005. Og skulle kandidaten til høgresida, Sebastián Piñera, trekkja det lengste strået i andre valomgang i Chile, kan vi få ei stillehavsside som tenderer mot høgre, med Chile, Peru, Colombia, Panama, Honduras og Mexico som motpolar til meir venstreorienterte regje ringar
på Atlanterhavssida.

Mange politiske observatørar ser på kuppet i Honduras som ein prøvestein på kva som kan venta andre venstreorienterte land i regionen. Då det for eit par månader sidan såg ut til at det var inngått ei avtale i Honduras mellom avsett president Zelaya og kuppresident Micheletti, skreiv pressebyrået AP at det var ein triumf for USAs utanrikspolitikk, og at det «skaper [ …] fortsatt tvil om latinamerikanske lands evne til å løse sine egne problemer uten hjelp fra Washington», noko som kritikklaust blei referert i norsk presse. Men det var før avtala stranda og valet blei avvikla med konservativ valsiger.

Kaotisk regionalisme


Det seinaste tiåret har i LatinAmerika vore prega av samarbeidsprosjekt og forsøk på politisk og økonomisk integrasjon. Samarbeidet mellom dei latinamerikanske landa kan sjåast på som ei form for kaotisk regionalisme. Ikkje vil ein ha noko sentralt latinamerikansk organ à la EU i Europa, løysingar på dei regionale problema er spontane og baserte på ikkjevaldeleg diplomati, og det blir lagt vekt på at ein skal komma fram til genuine latinamerikanske løysingar, utan innblanding frå utanforståande (les USA), som gjerne agerer ut ifrå eigne økonomiske interesser.

Den latinamerikanske integrasjonen blir konsolidert ved at «dei tre store» - Brasil, Mexico og Argentina - er med i G20, dei tjue største økonomiane i verda, og ser seg tente med å representera heile LatinAmerikas behov, krav og interesser i dette forumet. Ved hjelp av dei enorme økonomiske ressursane sine og president Lulas pragmatisme står Brasil for mange fram som stormakta, men likevel har landet ikkje klart å vinna noko endeleg hegemoni,heller ikkje andsynes Chávez' ideologiske kamp for ein «sosialisme for det 21. hundreåret» i Venezuela.

Etter Lula


Ei stillehavsside med politisk tyngdepunkt til høgre vil kunna rokka ved det latin amerikanske integrasjonsstrevet. Valet i Brasil i oktober i år, der den særs populære Luiz Inácio Lula da Silva ikkje
kan stilla og der meiningsmålingane så langt går i favør av kandidaten til sentrum-høgre, José Serra, vil difor bli særs viktig for den vidare utviklinga i heile LatinAmerika.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive