Katarina Östergren på plass som instituttleiar

Katarina Östergren (Foto: Hallvard Lyssand)

Katarina Östergren er tilbake frå eitt års forskingsopphald ved Stanford og har overteke jobben som instituttleiar ved RRR frå Trond Bjørnenak. In English

19.08.2010 - Hallvard Lyssand


Førsteamanuensis Katarina Östergren vart formelt valt til ny instituttleiar ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap i samband med vala av nye instituttstyre i fjor. Men sidan ho på det tidspunkt skulle på eit eittårig forskingsopphald ved Scancor, heldt professor Trond Bjørnenak fram i stillinga eit år ekstra.

No er Östergren tilbake ved NHH og har teke over som instituttleiar - ei stilling ho skal ha fram til august 2013.

- Trond Bjørnenak har gjort ein svært god jobb, og det er ei ære å ta over etter han og å få bidra til vidareutvikla instituttet. Hovudintensjonane er å bli endå meir tydeleg på forskingsarenaen og å få inn meir folk, seier Östergren.

Östergren har tilbrakt det siste året som gjesteforskar ved Scancor (Scandinavian Consortium for Organizational Research), som held til ved Stanford University i California.

- Opphaldet var veldig bra, men det er jo litt avhengig av forskingsprofil. Ved Scancor er det mykje fokus på adferdsforsking, og det passar svært bra i høve mitt arbeid, seier ho.

- Når ein først er ved Scancor kan ein likevel kontakta kven ein vil i fagstaben ved Stanford. Dei er svært opne og imøtekomande og tek imot arbeid og les og kommenterer, sluttar ho.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive