Stø kurs i nye drakter

Orienteringsløparar: Basberg, Døskeland, Balsvik, Schei og Falch (Foto: Hallvard Lyssand)

I dag startar konkurransesesongen for bedriftsidrettslaget ved NHH si orienteringsgruppe. O-løparane har alt nye drakter, og vil gjerne ha selskap av nye medlemmer.

07.04.2010 - Hallvard Lyssand


Klokka 17 i ettermiddag (onsdag) går startskotet for orienteringssesongen for bedriftsidrettslagsløparar frå heile Bergensområdet.

Blant dei opp mot 400 løparane som jamleg stiller til start i Hordaland bedriftsidrettskrets sine vekevisse orienteringsløp er NHH-arane Ragnhild Balsvik, Bjørn Basberg, Trond Døskeland, Kristian Falch, Ove Osland og Vidar Schei

Felles for det lokale o-laget er at dei hevdar seg godt i konkurransen i sine respektive klassar. Til dømes toppa Schei og Osland sine rankingar i 2009, og stafettlaget med dei to nemnte og Døskeland vart bergensmeistrar i stafett.

Dei understrekar likevel at eventuelle orienteringsrekruttar ikkje treng vera redde for nivået eller for å rota seg bort. Bedriftsorienteringsløpa har fire løyper med ulike lengde og vanskegrad, og ei av desse er alltid tilpassa nybyrjarar.

O-smak i munnen

- Men no finst det temmeleg mange måtar å få blodsmak i munnen på. Kvifor skal ein velja orientering?

- Fordi det er så gøy at du nesten ikkje er klar over at du trenar, seier Trond Døskeland.

- Det er spenningsmomentet. Å treffa postane og å veta kvar ein er gjev ei anna tilfredsstilling enn berre å springa, supplerer Ragnhild Balsvik.

- Dessutan kan det jo vera greitt å konkurrera utan at nokon ser at du er sliten. I skogen er det lite publikum, og dei som ønskjer å sjå relativt uberørt ut ved målpassering kan jo senka tempoet litt ei stund før målpassering, fortsett ho.

- Det sosiale miljøet er svært godt. I tillegg er det ein aktivitet ein kan driva med frå ein er 10 til ein er 90, seier Kristian Falch.

- Og ein kjem til stader ein ikkje kjenner frå før. Løpa går på nye stader kvar onsdag. I dag er det til dømes Dyngelandsåsen som er arena. Veit du kvar det er? spør Døskeland, og set dermed med enkelheit Paraplyens utsende fast i lokalgeografi.

Kartkunnskap

På spørsmål om kva ein må beherska for å bli ein god o-løpar svarar ei samstemt o-gruppe at det viktigaste er å kunna lesa kartet. Kompasset er mindre viktig.

- Verdsmeisteren i 2003 sprang utan kompass då han vann. Då er du sjølvsagt svært god til å lesa kart, seier Vidar Schei.

- I tillegg til å kunna lesa kart, kjem terrengkjensle og litt talent for å bevega seg i ulendt terreng godt med, konstaterer Bjørn Basberg.

- Men ein treng eigentleg å beherska langt mindre enn ein trur. Terskelen er låg for nybyrjarar. Løypene er greie, og ein må ikkje springa. Ein kan gå om ein vil, fastslår Døskeland.

- Samstundes kan ein konkurrera på alle nivå og få nye utfordringar heile tida, legg Schei til.

Om nokon skulle la seg freista til å plukka opp kart og kompass, lovar o-gruppa å bidra med rettleiing i starten.

På toppen av det heile kan nye rekruttar, mot ein liten pengesum, gle seg til å aksla ei blåkvit orienteringsdrakt med korrekt NHH-logo både på bryst og rygg. Draktene er nye i år og subsidierte av bedriftsidrettslaget.

Les meir om bedriftsidrettsorienteringa i Hordaland på o-bergen.no

Orienteringsgruppa ved NHH er klare for sesongstart. Her fem av dei samla i splitter nye drakter. Frå venstre Bjørn Basberg, Trond Døskeland, Ragnhild Balsvik, Vidar Schei og Kristian Falch.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive