Mjølkesyre og marsipankake

Sandvikspilen (Foto: Hallvard Lyssand)

Når seminartemaet er forsering av Bergens mest berykta motbakke, Stoltzekleiven, kan det vera greitt å la forsamlinga motverka den mentale mjølkesyredanninga med marsipankake.

20.04.2010 - Hallvard Lyssand


Seminar er det rikeleg av på NHH, men seint sist veke dumpa det inn ein invitasjon noko utanom det vanlege. SFFS - Senter for Fysisk Fostring på Samfunn - skulle debutera som seminararrangør.

Til orientering er SFFS sett saman av tilsette ved Institutt for samfunnsøkonomi. Hovudaktiviteten er fellestrening i Stoltzekleiven, med løpet Stoltzekleiven opp i september som det årlege målet.

Den mildt sagt bratte kneika frå Fjellveien til toppen av Sandviksfjellet var dermed eit naturleg seminartema.

Og om ein treng tips for å knekka stoltzekoden og koma fortare til topps, finst det lokale orakelet på Internasjonalt kontor. Nærare bestemt i form av John Arild Andersen.

For også å tiltrekkja seg seminartilhøyrarar utan korkje praktisk eller teoretisk interesse for motbakkar, lokka SFFS med kaker. Blant anna ei marsipankake omtrent på størrelse med eit middels byfjell.

Rodal, who?

John Andersen, 10.02 (Foto: Hallvard Lyssand)
John Andersen kan skilta med ein personleg Stoltzekleiven-rekord på 10.02. Den tida presterte han i september 2009 i ein alder av 59 år. Sist veke delte han suksessoppskrifta med aktive og potensielle Stoltzegjengarar ved Instituttt for samfunnsøkonomi.

Andersen hadde døypt SFFS-førelesinga si "Mine erfaringer med Stoltzen - til mulig glede og inspirasjon."

"Stoltzen" og "glede" i same setning? Folk med personleg erfaring med den aktuelle turen vil stussa på koplinga.

Men ved nærare ettertanke vil alle som har lagt i veg opp monstertrappen med den hensikt å gjera turen unna så fort som dei berre maktar, forstå John Andersens Stoltze-glede og -stoltheit.

Då han vann klassen 55-59 år under Stoltzen opp i 2009 gjorde han unna turen opp 800 trapper og 315 høgdemeter på 10.02.

Til samanlikning er Stoltzekleivens hellige gral - Jon Tvedts løyperekord frå 1995 - på 08.13.

Motbakkefenomenet Tvedt ville på sin beste dag altså slått Andersen med under to minuttar.

Om nokon skulle trengja ytterlegare perspektiv i saka, kunne Andersen opplysa at OL-gullvinnar på 800 meter i Atlanta i 1996, Vebjørn Rodal, sin personlege rekord i Stoltzen opp er 10.58.

Anita Håkenstad Evertsen har kvinnerekorden med 9.56.

- Flott tur, flott trening

- Men kvifor spring ein opp Stoltzekleiven ofte og fort? spurde Andersen, og svara sjølv:

- Det er ein flott tur, med praktfull utsikt både på veg opp og frå toppen, ein god inngangsbillett til vidare turar i byfjella og det er mange fine og varierte ruter ned att. Vidare er det ein inspirerande arena for fellestrening som bidreg til å skapa samhald og identitet.

- Stoltzen er dessutan ikkje Birken, fortsette Andersen, og åtvara mot tendensar til hysteri kring somme arrangement.

- Plassane i sykkelbirken blir utseld på tre sekundar og etterpå er det svartebørshandel med startnummer. Og skiutgåva er like opphaussa, sa Andersen og tilføydde at han håpar at Stoltzen opp ikkje er slik, trass i at løpet har vakse og er blitt svært populært sidan den spede starten i 1979 (3567 personar deltok i 2009 fordelt på to dagar).

Lett i kroppen, sterk i beina og hovudet

Men til saka: Kva er John "10.02" Andersen si suksessoppskrift?

- Eit grunnelement for å trivast i Stoltzen er å ha lyst. Dessutan hjelper det med litt grunntrening, og det kan vera lurt å ha eit mål, sa Andersen.

Samstundes finst det nokre bonuseigenskapar.

- Det er ein fordel å vera lett i kroppen og sterk i beina. I tillegg kan ein viss porsjon konkurranseinstinkt vera bra. Noko av dette sit mellom øyro, fastslo Andersen.

Progresjon og regresjonsanalyse

For dei som trong eit konkret mål føreslo han å ha som ambisjon å setja ny personleg rekord kvar gong ein legg i veg.

Sjølv byrja han å satsa litt på Stoltzekleiven i 1999, og etter det har han stort sett "persa" i kvar utgåve av Stoltzen opp, med 2009-utgåva som førebels høgdepunkt. Sidan 2004 har han vunne sin klasse.

Som det høver seg på eit NHH-seminar hadde Andersen klar ein power point-presentasjon som synte hans tidsmessige utviklingskurve frå 1999.

Frå salen vart det straks påpeikt at ein ved hjelp av enkel regresjonsanalyse fort ville finna ut kva år Andersen vil vera på høgde med Jon Tvedts 8.13-rekord.


Individuell stil, jamn fart og verdigheit

Kakekø på Samfunn (Foto: Hallvard Lyssand)
Stoltzekleiven er ein populær tur- og treningsarena, og i periodar er det kødanning i trappene. Men biletet viser kakekøen som oppstod i forkant av SFFS sitt Stoltzen-seminar.

Så har ein stumpa røyken, spist sunt og trena variert. Men korleis skal ein faktisk oppføra seg på veg opp?

I følgje Andersen handlar det om å kjenna løypa, å finna sin eigen individuelle stil, å varma passeleg opp og for all del å ikkje opna for hardt. Det er flest høgdemeter etter halvvegsmerket, og jamnast mogeleg fart heile vegen kan vera ei god oppskrift.

Då Andersen presterte 10.02 var mellomtida halvvegs 05.01.

- Eg tek ikkje stilling til steglengde og frekvens og slikt, men å prøva å springa er berre tull, iallfall i trappene, sa Andersen.

Han skildra sin eigen stil som at han nærast sprett oppover trappene i rask gange, og at det har synt seg å vera meir effektivt enn å springa.

Og så den kanskje vanskelegast formaninga:

- Pass på å spara litt krefter så du kan koma i mål med verdigheit. Hugs at det kan vera kvinner og born til stades.

Effektiv bomtur

Med tidsklemme og det heile kan det var vanskeleg å finna tid til trening, men Andersen tilrådde å bruka transporttida til eller frå jobb i den grad det er mogeleg.

Samstundes avslørte han eit anna treningstips.

- Eg er mykje på møter. Når eg skal til møtelokalet går eg litt tidleg frå kontoret. Så tek eg trappene til 9. etasje og latar som eg trudde møtet var der og at eg har gått feil, humra Andersen.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive