Langspurt for jubileumsbokarbeidet

Jubileumsbok Manuskriptseminar (Foto: Hallvard Lyssand)

Langspurten mot ferdigstilling av NHH si jubileumsbok er i gang for alvor. Forfattarane har klart eit utkast der storparten av kapitla kan lesast i samanheng. Måndag fekk dei tilbakemeldingar frå styringsgruppa, referanselesarar og rektoratet.

14.04.2010 - Hallvard Lyssand


7. september 2011 fyller NHH 75 år. Det skal mellom anna markerast med utgjeving av eit vel 400 siders verk om høgskulens historie.

Historikarane Elisabeth Bjørsvik og Yngve Nilsen har vore engasjert i kvar si halve stilling som forfattarar sidan august 2007.

Bjørsvik, som har doktorgrad i økonomisk historie frå NHH og er forskingsleiar ved Norsk vasskraft og industrimuseum, har primært konsentrert seg om den eldste delen av NHH-historia fram til oppløysinga av monopolet på siviløkonomiutdanninga i 1985 og 50-årsjubileet i 1986.

Nilsen, som har doktorgrad frå Senter for Teknologi, Innovasjon og Kultur ved UiO og er forskar ved Senter for næringslivshistorie ved BI, har i hovudsak tatt for seg historia etter 1986.

Heilskapleg utkast

Jubileumsbok, manuskriptseminar (Foto: Hallvard Lyssand)
Måndag var 15 personar samla for å koma med innspel til det føreliggjande jubileumsbok-manuskriptet.

Utgjevinga av boka skal etter planen først skje i september 2011, men manuskriptet skal vera ferdig ved utgangen av juli i år.

Måndag var forfattarane, styringsgruppa for bokprosjektet, rektoratet og representantar for ei referansegruppe av andre informerte lesarar samla til manuskriptseminar.

Leiar av styringsgruppa, professor Bjørn L. Basberg, kunne konstatera at forfattarane har halde dampen opp og levert vel eit kapittel kvar per semester.

Einskildkapitla har blitt lese og kommentert etterkvart, men manuset på 362 sider som var sendt ut i forkant av seminaret måndag representerte første mogelegheit til å lesa kapittelutkasta i samanheng.

Heilskapleg historie

Ein del av utgangspunktet for forfattarane sitt arbeid med jubileumsboka er å sjå NHH som institusjon utanfrå og teikna eit bilete av høgskulen si rolle i det utdanningspolitiske landskapet og i samfunnet meir generelt.

Yngve Nilsen innleidde ved å konstatera at boka er ein heilskapleg NHH-historie. Han la ikkje skjul på at nokon truleg vil sakna noko om dei einskilde faga, men understreka at dette primært vert trekt inn for å belysa heilskapen der det passar.

- Men kva er så hemmelegheita bak NHH sin suksess? spurde han vidare, og gav eit utdrag av sitt forslag til svar:

- NHH har i relativt liten grad spesialisert seg. Høgskulen har halde fast på si faglege breidde og på forskingsbasert, teoritung undervising med aktive forskarar som lærar.

- Det siste er ikkje er sjølvsagt, la han til.

- Kandidatane har ikkje vore spesielt yrkesspesialiserte, men til har hatt teoretisk tyngde i botn. Vidareutdanningsmogelegheiter både i bedrifter og ved NHH har gjort at høgskulen har kunna halda fram med å vera teoritung, og samstundes kunna hevda seg i konkurransen, forsette Nilsen.

Han peikte vidare på at NHH har vore ein premissleverandør til politisk hald, og har kunna påverka politikkutforming.

- Høgskulen har også vore ein pådrivar for viktige reformer i utdanningssektoren. Ein kan seia at NHH har bidrege til å forma omgjevnadene etter seg sjølv, konkluderte han.


Kritiske blikk

Jubileumsbok, Manuskriptseminar, Yngve Nilsen og Elisabeth Bjørsvik (Foto: Hallvard Lyssand)
Jubileumsbokforfattarane Yngve Nilsen og Elisabeth Bjørsvik la for første gong fram eit manus der alle kapittel kunne lesast i samanheng, og kunne notera ei rekkje spørsmål og merknader både til overordna strukturelle og innhaldsmessige val og detaljar.

Manuskriptseminaret var delt i to: Først ein overordna debatt om vinklingar og perspektiv, deretter ein meir detaljert gjennomgang av dei ulike kapitla.

Det mangla ikkje på spørsmål, forslag og kritiske blikk både i høve innhald og struktur.

Nokon sakna større fokus på studentane, t.d. korleis dei gjennom NHHS har bidrege til å etablera NHH-kulturen. Det vart dessutan etterlyst meir vektlegging av at NHH er lokalisert i Bergen, og kva det har tyda.

Andre peikte på at viktige val i høve utviklinga av institusjonen faktisk vert fatta i formelle organ, og at desse organa burde få større merksemd.

Atter andre meinte den faglege verksemda og utviklinga får for lite merksemd, at nokre fagområde er forfordelte, at skildringa av sentrale utdanningsmessige utviklingssteg, som satsinga på høgare avdeling, er for lite vektlagt og at det i for liten grad går fram kva ein faktisk driv med på NHH.

Samstundes vart det påpeikt at historieskriving er tolking, og at det særleg kan vera vanskeleg å skriva om nær historie, der mange sentrale aktørar er høgst levande til stades og har sterke synspunkt på kva som er å rekna som viktig og uviktig. Det vart også oppmoda om å tenka på kva eksterne lesarar vil kunna synast det er interessant å lesa om.

Strukturen i boka fekk kritikk frå fleire hald. I samråd med bokkomiteen har forfattarane valt ei blanding av kronologisk og tematisk framstilling, men mange av lesarane meinte dette gjer teksten tung å lesa og at det vert for mange lause trådar.

Forfattarane minna om at dette faktisk også var første gang dei såg alle kapitla samla, og at dei alt er i gang med ein del endringar, m.a. i kapitteloppbygginga.

- Konstruktivt

Etter det fem timar lange seminaret var Bjørn Basberg godt nøgd.

- Eg oppfatta det som eit konstruktivt møte. Det er interessant at det er så ulike og til dels motstridande oppfatningar om kva dette skal vera. Men ein må ta nokre val og ha nokre hovudperspektiv, fastslo han.

Stryringsgruppeleiaren meiner elles at bokprosessen er i rute.

- Med over tre månader til fristen har vi eit manus, og sjølve produksjonsprosessen i etter kant er lang. Eg meiner vi har god kontroll og er trygg på at arbeidet vil munna ut i noko spanande, seier han til Paraplyen.


Kvit2
Styringsgruppe

Bjørn L. Basberg (leiar)
Inger Stensaker
Agnar Sandmo
Asle Haukaas
John Andersen
Eirinn Larsen (UiO)
Frøystein Gjesdal


Referansegruppe

Carl Julius Norstrøm
Karl Petter Hansen (Foreningen for NHH)
Jan Penne
John Petter Collett (UiO)
Leif Methlie
Rolf Petter Amdam (BI)



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive