Nytilsette professorar

Per Egil Pedersen og Karin S. Thorburn

NHH har tilsett to nye professorar. Karin S. Thorburn er tilsett ved Institutt for foretaksøkonomi og er den første kvinnelege professoren i finans ved NHH, medan Per Egil Pedersen er tilsett som professor ved Institutt for strategi og leiing.

08.10.2009 - Eva Melvær Langaas


Karin S. Thorburn er den første kvinnelege professoren i finans på NHH.

Med tilsetjinga er NHH hakket betre enn nabolanda og BI, som framleis ikkje har kvinnelege professorar i det mannsdominerte faget.

Thorburn kjem frå ei stilling som førsteamanuensis ved Tuck School of Business i Dartmouth, der ho mellom anna har jobba mykje med konkursar, overtaking, strategiar for bodgiving og corporate governance.

Karin Thorburn
Karin S. Thorburn er NHHs første kvinnelige professor i finans.

Ikkje lønnsamt med klimakutt

På grunnforskingsplanet har ho mellom anna sett på verknadane i aksjemarknaden av at selskap annonserer planar om kutt i klimautslepp.

Ifølgje resultata er ikkje det nødvendigvis fornuftige investeringar, ut frå reine profittomsyn.

- Aksjen fell. Det er ofte snakk om dyre investeringar, som ikkje blir fullt inntente gjennom auka sal eller betre omdømme, fortel Thorburn, som i tillegg til mange publiseringar i internasjonale tidsskrift har fleire verv i prestisjetunge organisasjonar og råd.

Van med mannsdominans

Kvinnene er få i finansfaget, og trass nytilsetjinga er det langt igjen før kvinnene tek igjen mennene.

- NHH er vel litt framfor dei andre no, men det er jo framleis berre meg, seier Thorburn, som gjerne skulle sett fleire kvinnelege finansprofessorar.

Men sjølv om ho skulle ønskje at dei var fleire, tek ikkje den skeive kjønnsbalansen motet frå henne:

- Eg er jo van med å vere i mannsdominerte miljø.


Per Egil Pedersen er tilsett som professor ved SOL, og skal m.a. forska på tenesteinnovasjon. Biletet er frå ein presentasjon av feltet Pedersen heldt i samband med Lehmkuhlkonferansen i september.

Forskar på tenesteinnovasjon

Per Egil Pedersen er tilsett som professor ved Institutt for strategi og leiing.

Professoratet er knytt til forsking på tenesteinnovasjon og er ein del av eit nytt initiativ retta mot Forskingsrådet si utlysing av nye senter for forskingsdriven innovasjon.

Pedersen har tidlegare primært sett på to sider av tenesteinnovasjon.

Det første er korleis brukarane tek i mot nye tenester, korleis dei blir tekne i bruk, og konsekvensane av dette. Det andre er korleis tilbydarane utformar produkt og forretningsmodellar. Så har han studert balansen mellom desse to.

- Det nye initiativet vårt utviklar dette i stor grad og studerer mykje breiare korleis eigenskapar ved tenester gjer tenesteinnovasjon annleis enn andre typar innovasjon, fortel Pedersen.

Teknologi og identitet

Mange av tenestene som er tema for forskinga, er knytte opp mot ny teknologi som nettbaserte tenester, telekommunikasjon og medietenester.

Blant funna som har fått størst merksemd tidlegare, er den viktige rolla forbrukaridentitet har i samband med om nye tenester blir godt mottekne.

- Tenestene blir gjerne brukte som ein måte å uttrykkje identitet på, fortel Pedersen, og det er noko tilbydarane må ta omsyn til når nye produkt skal utviklast.

Kvardag med likesinna

Professoren sjølv ser fram til ein sterkare identitet som økonom i den nye jobben.

- For ein som kjem frå eit teknologisk miljø, der eg har vore den einaste økonomen i ti år, er det hyggjeleg å treffe likesinna kvar dag, seier Pedersen, som fram til no har vore tilsett ved Universitetet i Agder.

Saka er henta frå NHH Bulletin nr. 3 2009



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive